andor Skrevet 16. september 2005 Forfatter Skrevet 16. september 2005 Ja, for oss som tapte er det tid for tørking, puss og stell av fjør. Som den positive person eg er, er eg allereie i gang med å leite etter noko positivt i alt elende: At Bonden er borte for godt, må seiast å vere positivt. Det same gjeld Svarstad Haugland. (Men å få det ekle menneskje Åslaug Hage i standen, er nesten ikkje til å bere). Det mest positive (og viktigaste) er at SV og SP er redusert frå eit trugande nivå til småparti som blir bikkjer i band etter Jens. No må han vennleg, men bestemt lære sosialistane i SV litt om budsjettbalanse og renter og tvangsorientere bygdenasjonalistane i SP i retning røyndomen. Eg er mest spent på kva LO skal ha betalt "to even out" alle dei ytingane som dei har gjeve gjennom det siste året. Men altså; med SV og SP redusert til Jens sine bikkjer, går det nok sin skeive gang utan for store skiplingar for nokon av oss. (Og så kan vi sjå fram til spetakkelet i SV når ikkje noko av eventyra i partiprogrammet blir røyndom, og Kristin får full jobb med å ete kamelar) Ja, det blir interessante tider, og eg må vedgå at eg ser omtrent dei same lyspunkta som du. Men gleda over å bli kvitt dei borgarlege pinlighetane er snautt i stand til å skygge over ei nokså sterk forventing om rot og tull på venstresida. Det skulle ikkje forundre meg mykje om både SP og SV må kibbast ut i løpet av nokre månader, slik at utkomet blir ei minoritetsregjering av AP. I så fall blir vi jo også kvitt Kristin ved utløpet av neste stortingsperiode, og det skulle ikkje vera meg mykje imot. 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.