ferapontovo Skrevet 6. desember 2006 Del Skrevet 6. desember 2006 Korleis skal vi få til betre forhold i familien? Vi har vore gift i 9 år og kjærastar i 12, vi har eit barn på 6 år. Saka er at konfliktnivået med jamne mellomrom er ganske så høgt og vi kranglar ein del, først og fremst om barneoppdragelse og temperament. Eg kan bli ganske hissig og oppfarande, noko han ikkje likar i det heile. Det er sjølvsagt ikkje bra og lite konstruktivt, og eg må prøve å skjerpe meg og ta opp ting på ein rolegare måte. Men eg synst han ikkje er mindre hissig og oppfarande enn meg, og særleg i forhold til barnet vårt. Dei fleste gongane når det kokar over for meg er når han er unødvendig streng og kjeftar på barnet. Det kan for eksempel vera ein situasjon som at barnet ikkje sit roleg ved matbordet, då kan han hisse seg frykteleg opp og rope noko slikt som at ”visst du ikkje sluttar og tulle, så hiv eg alle leikane dine i bosset”. Eller han kan bli irritert over at barnet snublar og slår seg, så i staden for å trøyste, kjeftar han og sparkar til sekken hennar. Eg klarar ikkje i slike situasjonar å la vere på gripe inn, fordi eg synst at barnet mitt blir urettferdig behandla av sin eigen far. For meg verkar det som han ønskjer at ein 6-åring skal oppføre seg som ein vaksen, aldri sutre, aldri bråke, aldri ha uhell, alltid klare alt sjølv. I staden for å oppmuntre, rose og spele på lag med barnet, kjeftar han. Han vil sjølvsagt seie at eg er altfor slapp og ettergivande og let meg manipulere av barnet. Han samanliknar barnet også heile tida med si eiga mor, og meiner å sjå likskapar mellom dei, som forsvarar å vera så streng mot barnet. Det skal her leggjast til at han har eit relativt anstrengt tilhøve til mor si, noko eg har full forståing for, fordi ho er ganske så manipulerande og det har vore ein del problem opp igjennom. Men hans uavklarte tilhøve til mor si skal vel ikkje gå utover barnet? Alt i alt synst eg at han er ekstremt lite tålmodig og samstundes slapp ovanfor barnet, noko som også viser seg i at han ikkje giddar å anstrenge seg for t.d. å lage skikkeleg mat til barnet (kokt spagetti utan saus til middag og sjokoladepudding(!) til frukost), ikkje giddar å lese bok på sengekanten, osb. Rett og slett litt dårleg omsorgsevne og med eit overfokus på å OPPDRA gjennom kjefting. Samstundes er han jo svært glad i barnet og kan også tulle og leike med henne, så alt er ikkje heilt svart. Alt dette fører til at eg delvis kompenserer ovanfor barnet, og delvis til at eg kranglar med mannen min. Eg ser jo at begge deler slett ikkje er bra, særleg ikkje for barnet. Barnet er sjølvsagt glad i oss begge, men i det siste har ho byrja å seie at pappa er sint og mamma er snill. Han har sagt at når eg ikkje er til stades er det ikkje konfliktar mellom dei to, og at det høge konfliktnivået er pga. at barnet forstår at ho kan oppnå det ho vil hos mamma og fordi eg blandar meg inn. Kanskje. Eg har prøvd å ikkje blande meg i måten han irettesetjer henne på, men når han stadig oppfører seg urimeleg, så klarar eg ikkje heilt å halde meg og eg blir som sagt ganske hissig. Og det vert det krangling av. I krangelen nektar han fullstendig for at han har nokon som helst feil, men meg kallar han t.d. psykopat, tek opp gamle ”saker” og truar med skilsmisse. Dette synst eg er sårande og unødvendig. Ein annan ting er at han blir sur lenge etter ein krangel, og demonstrativt søv på sofaen om natta, nektar å ete middag saman med oss osb. Dette veit han slit på meg, og hittil har det fått meg til å ta det første skrittet til forsoning, be om unnskyldning og ta på meg skulda for det som har skjedd. Han derimot ber aldri om unnskyldning, fordi han tydelegvis aldri gjer noko feil. Men i det siste synst eg han har gått over ei grense, ved at han har byrja å kalle meg stygge ting og ved at han absolutt ikkje ser at hans måte å oppdra på ikkje fører fram, så eg trur kanskje at eg berre skal vente roleg til ”demonstrasjonen” er over denne gongen, sjølv om eg synst det er vanskeleg. Eg synst faktisk han skuldar både meg og barnet ei unnskyldning for oppførselen sin. Eg eg er oppteken av å løyse denne konflikten ein gong for alle, eg veit berre ikkje heilt korleis eg skal gå fram. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/257077-krangel-om-barneoppdragelse/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Solveig Vennesland, Familierådgiver Skrevet 7. desember 2006 Del Skrevet 7. desember 2006 Hei! Slik jeg forstår brevet ditt handler saken om to forhold, for det første foreldreforholdet deres til barnet og for det andre forholdet dere har til hverandre som samlivspartnere. For deg virker det vel som et stort problem. Jeg pleier å forsøke å dele opp det jeg tror hører sammen, da blir det lettere å håndtere i forhold til løsninger. Dere har åpenbart ulikt syn på hva som er best for barn. Og når den ene er for hard og kontant i oppdragelsen, blir den andre ofte litt for ettergivende. Dere er begge ansvarlige for at barnet får en god oppvekst. Hvem som har rett og galt av dere, er mindre interessant. Det viktige er at dere blir mer samkjørt og enige. Jeg har liten tro på at dere klarer å komme videre uten å involvere andre i saken. Hvis dere begge er motivert for det, vil jeg anbefale å bruke en profesjonell fagperson, gjerne på Familiekontoret, eller en familieterapuet eller psykolog i privatpraksis. Når kommunikasjonen har låst seg, slik jeg oppfatter at den har gjort hos dere, er det nyttig å innføre noe nytt. Hvis en av dere eller begge ikke vil bruke fagperson, kan dere bruke bøker. Det har nettopp kommet ut en bok av to barne psykologer, dene ene heter Knut Halvdan Svendsen. Danske familieterapeut Jesper Juuls bøker om barn i familien er også aktuell å lese. Han skriver i Aftenposten Magasinet hver fredag.Spør i bokhandlene eller på biblioteket etter bøkene. Hvis dere ikke får til en bedring i forholdet, er jeg redd samspillet forverres. Stadig krangling tapper for overskudd og motivasjon for samliv. Så jeg håper du får mannen din med på å få til en endring av den negative situasjonen. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/257077-krangel-om-barneoppdragelse/#findComment-2044845 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.