Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Hei

Eg er ei kvinne på 24 år, vanlegvis frisk og rask. Har gått på Cerazette p-piller sidan midten av august 2006, før det brukte eg Diane i fem år. Eg brukar elles ingen medisinar. Dei siste fire-fem månadane har eg hatt fire tilfeller av diaré, kvalme, feber og nokon gonger oppkast. Det artar seg veldig likt kvar gong. Fyrst kjenner eg at magen er i ulage, og at det er ein lukt av rotne egg av lufta eg rapar opp. Kort tid etter får eg diaré og er kvalm, og eg får feber. Det byrjar om natta eller tidleg om morgonen, og varer i to dagar. Eg har nokre gonger brukt reseptfrie piller mot diaré, men har ikkje merka særleg nytte av dei. Eg klarer ikkje ta til meg mat, og søv dårleg sidan eg må springa på do heile tida. Eg prøver å drikka, men alt eg får i meg kjem ut igjen med ein gong. Etter omlag to dagar kjennest magen heilt tom, og det kjem berre luft og slim ut. Den tredje dagen er eg som regel heilt fin, om enn veldig sliten og svolten.

Eg var på legevakta i juni fordi eg hadde hatt tre migreneanfall på to dagar, og fekk ei sprøyte for å hindra at eg fekk fleire. Eg trur det var Voltaren, men eg kan hugsa feil. Legen sa at eg kunne få mageproblem av sprøyta, og eg fekk diaré og kvalme, sånn som eg har skildra over. Etter at eg skifta p-piller har eg ikkje hatt meir migrene, men mageproblemet har altså kome igjen fire gonger. Fastlegen min seier at sprøyta eg fekk på legevakta ikkje kan ha noko å sei så lenge etter, og det høyrest rimeleg ut. Men kvifor har eg då fått same symptoma fleire gonger etterpå, når eg aldri har hatt dei før? Eg klarar ikkje å sjå at det er nokon spesielle matvarer eller andre ting som utløyser diaréen. Eg budde i Bergen under guardia-utbrotet, men det er vel litt i seinaste laget å bli sjuk av det no?

Fastlegen min meiner eg kan ha magekatarr, men no når eg har lest om det kjenner eg meg ikkje igjen. Ho sa òg at det ikkje er noko å gjera med problema mine. Stemmer det? Det er veldig upraktisk å bli satt ut av spel i to dagar så ofte, eg kan ikkje jobba eller studera dei dagane diaréen varer, så eg vil gjerne unngå meir mageproblem. Kva trur du det kan vera? Er det nokon testar eg bør be om å få ta? På førehand takk for hjelpa.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/260958-diar%C3%A9-kvalme-og-feber/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...