Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Gjest palma

Eg er 29 år, og bortsett frå det eine året eg brukte p-pillen har eg aldri hatt regelmessig mens. Dei siste 3-4 åra har eg målt temperaturen, og lengda på syklusen har variert frå 27 til 60 dagar. Legen min meinte at ein i lange syklusar ofte ikkje hadde eggløysing, men for snart eit år sidan vart eg gravid i ein syklus som hadde vart i 30 dagar før temperaturen steig. Diverre hadde eg ein spontanabort (missed abortion) med påfølgande utskraping i 8. veke. For tida prøver me å verte gravid igjen, og eg slit med masse "rare" tankar: Kan grunnen til spontanaborten ha vore at egget ikkje var levedyktig pga. unormal syklus? Er sannsynet for å bli gravid og behalde barnet større i ein kort syklus enn i ein lang? Eller kan eg kanskje ikkje få barn i det heile tatt? Eg har ikkje funne noko om så uregelmessige syklusar, og det gjer naturlegvis sitt til at eg føler meg ganske unormal...

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/28817-uregelmessig-syklus/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Mette Moen, Gynekolog

Vi vet at de som har problem med å oppnå graviditet ofte også har større risiko for abort. Dette uansett grunnen. Jeg vil foreslå at du snakker med din lege/gynekolog om å få eggløsningsstimulasjon med pergotoime i stedet for å gå å vente på en spontan eggløsning.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/28817-uregelmessig-syklus/#findComment-116886
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...