HanneTG Skrevet 12. april 2009 Del Skrevet 12. april 2009 Eg er i starten av 50åra og blei underlivsoperet på hausten i fjor. Eg blei anbefalt å fjerne eggledarar, eggstokkar og livmor pga. at der blei funne celleforandringar i livmorslimhinna, så dette blei gjort. I ca. 20 år har eg visst at eg har hatt litt høgt urinsyreinnhold i blodet, men har ikkje hatt annfall av gikt. No i januar(ca. to månadar etter operasjonen) og i februar i år har eg hatt to annfall, fyrst i høgre storetåledd, dette annfallet gjekk tilbake etter vel ei veke, uten medikamentell hjelp. Det andre annfallet kom i slutten av februar, dette kom i venstre storetåledd og eg har fortsatt så vondt at eg ikkje kan gå i vanlige sko. Står no på Zylorich 300mg. daglig, begynnte på det i starten av mars i år.Lurer på om litt tilførsel av hormon som brått tok slutt pga. operasjonen kan vere med å hjelpe til med at ikkje nye annfall kjem; meiner at eg har lest det ein plass at dei kvinnlige kjønnshormona held urinsyregiktannfall i sjakk før overgangsalderen, og overgangsalderen min kom jo veldig brått. Legen som opererte meg spurte meg om hetetokter då eg var på fyrste kontrollen etter operasjonen, det er eg ikkje plaga med, men derimot er eg ille plaga med desse urinsyregiktannfalla, men ho kunne ikkje svare meg på om der var sammenhengar slik eg anntyda. Blir glad for svar! 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/327211-underlivsopererturinsyregikt/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.