Gå til innhold

Er dette tegn på sjukdom?


Anbefalte innlegg

Gjest hilsenjentepå25

Eg har hatt underlege to månadar.

Byrjar å lure på om eg treng hjelp, difor skriv eg her, kvir meg for å ta kontakt med legen min om dette, då eg ikkje vil virke sytete.

Desse to månadane har vore fulle av tvil og stress. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere til hausten, eller kor eg skulle bu. Når så dette kom på plass, regna eg med at eg ville få fred. Men eg er utsleten følelsesmessig.

Eg har stunder då eg er på arbeid der eg kjenner at eg nesten er utanom meg sjølv, det er ei underleg kjensle. Eg har stunder der eg kjenner ei svak kvalme og ei svak kjensle av svimmelhet.

Hadde også ei oppleving ein dag på veg til arbeid at alt vart så utruleg intensivt.

Det var som eit hav av energi strøyma igjennom kroppen min, det var utruleg merkeleg.

Som om skilta på gata vart større, som om lydane vart høgare og menneska var tilstede i meg.

Då eg kom på jobb var eg heilt skjelven og satt ut.

Eg anar ikkje kva som skjedde. Vart redd av det.

I helga var eg så sliten at eg tenkte at no "fell eg". No orkar eg ikkje meir.

Så eg jobba, og sov. Jobba og sov.

I dag på arbeid ville eg helst også berre heim for legge meg til å sove.

Orka liksom ikkje i dag.

Denne dagen hadde ei smerte i seg. Ei smerte eg ikkje veit kor kjem i frå.

Ein klump i magen og i halsen, og eg får tårer i augene av ting eg ellers ikkje ville reagere på.

Eg merkar eg blir lettare såra, og kjenner meg nesten litt paranoid i forhold til at folk skal sjå at eg ikkje har det bra. For eg kjenner det lyser ut av augene mine. Og eg klarar ikkje; i dei vanskelegaste stundene, og ta meg sammen, og smile. Eg arbeida seinare i dag. Hadde ikkje krefter eller driv til å arbeide raskt som eg normalt gjer. Det var som om ei kjensle av tiltakslaushet slo rot.

Har lest om depresjon, og kjenner meg igjen i nokre av dette, men samstundes har eg også augeblikk som er vakre. Stunder der eg kjenner meg glad; for eksempel når eg tenkjer på kor glad eg er i byen eg bur i, eller at eg skal starte på studiar til hausten igjen.

Eg har vel komme til eit punkt der eg redd for å falle.

Om eg ikkje får hjelp, så er eg redd for at eg ein dag skal vakne opp å ikkje orke å gå på arbeid.

Men samstundes så er det også ei stemme i meg som seier “skjerp deg”, “ du har ikkje noko å klage over”, “ta deg sammen, dette vil gå over”.

Har jau hatt vanskelege periodar før, som faktisk har gått over ved at eg har byrja på nytt ein stad, eller med noko. Men denne gonga er det vanskelegare, og annleis.

Eg kjenner ei svak kjensle av håplaushet trengje i meg, og kjensle av at framtida ikkje har noko å seie. Eg klarar ikkje sjå positivt på framtida, anna enn at eg snart skal gå inn i noko nytt. Lengre fram, der finnes det ikkje noko. Ikkje noko for meg.

Eg klarar ikkje å bli betydningsfull, slik som eg gjerne vil.

Det var ikkje meininga at dette skulle bli så langt, har eit problem med å forklare dette i korte drag.

Spørsmålet er jau eigentleg berre; bør eg søke hjelp?

For eg vil verkeleg (!) at dette skal gå over, slik at eg er ny og frisk til hausten!

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/330150-er-dette-tegn-p%C3%A5-sjukdom/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...