Gå til innhold

Hukommelsesproblemer


Gjest Gløymsk 3 barnsmamma

Anbefalte innlegg

Gjest Gløymsk 3 barnsmamma

Hei. Eg er ei jente på 34 år som for tida bekymrar meg for helsa mi, og gruar meg for å gå til legen. Er redd for at det kan vere noko alvorleg galt med meg! Eg har det siste halve året hatt meir og meir problem med hukommelsen. Eg gløymer svært fort og har spesiellt problem med korttidshukommelsen. Dette syns eg er veldig flaut og vanskelig. Eg kan for eksempel prestere å spørre venner/familie/bekjennte om det samme gjentatte ganger. Eg huskar ikkje at eg har spurt før, eller eg huskar ikkje kva svar eg fekk. Det er som om informasjonen eg får går inn og ut igjen med det samme. Eg må skrive ned den minste lille ting for å vere sikker på å huske det eg skal. Eg kan for eksempel sette mobilen min på alarm for å minne meg sjølv om ei avtale som skal finne stad ein time seinare, og likevel klare å gløyme avtalen! Eg har også opplevd tilfeller der eg ikkje finn det ordet eg er ute etter. Eg leiter etter det rette ordet og har vanskar med å hente det fram, sjølv om eg veit at eg veit/kan ordet eller navnet på ting. Det ender med at eg prøver å forklare kva eg meinar på andre måtar, sidan eg ikkje kjem på ordet. Då føler eg meg så dum og lurer på om noko er alvorlig galt i hovudet mitt! Eg har også problem med å konsentrere meg. Når eg les bøker, særlig fagstoff, opplever eg ofte at eg ikkje anar kva eg nettopp har lest. Klarer ikkje samle meg om stoffet. Det samme har skjedd på forelesninger. Eg må skrive og skrive for å terpe opp igjen ting, for å klare å huske. Dette gjer at eg lurer på om eg kan klare å gjennomføre ei sjukepleieutdanning som planlagt. Eg er ellers 3 barns mamma og jobber ca 80% stilling. Er også plaga med nakke/skulderproblematikk og har ofte hovudverk, noko eg trur kjem frå nakken. Går til fysioterapi og trenar, men syns ikkje det hjelper så mykje. Er mest plaga på venstre side av nakken og i venstre skulder og arm. Venstrearmen er mykje svakare enn høgrearmen. Syns også at synet mitt er blitt dårlegare/svakare den siste tida. Blir fort sliten og tørr i augene. Eg kjenner meg veldig trøtt og sliten, og ønsker ofte å berre sove mykje og lenge. Føler at eg har lite tiltak til noko som helst, at eg må ta meg sammen. Må også nevne at eg er nokre kilo for tung, og er altfor glad i det søte. Jobber med dette og prøver å ete sunt. Har tenkt på om eg kanskje kan ha lavt stoffskifte eller vitaminmangel, og om det kan ha noko med problema mine å gjere. Mvh gløymsk 3 barns mamma

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/356246-hukommelsesproblemer/
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Fortsetter under...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...