Gå til innhold

Hjarteproblem


Gjest Second opinion.

Anbefalte innlegg

Gjest Second opinion.

Bakgrunn for spørsmål: Far sine fire søsken, tre menn og ei dame, døydde alle av hjarteproblem. Eldste bror min (11 år eldre) fekk hjarteinfarkt. Av ein eller anna grunn var visst ikkje operativt inngrep aktuelt. Bror nr.2 (10 år eldre) fekk først, heilt uventa, eit infarkt. Han var deretter svært trøytt ei stund, og så kom eit nytt infarkt og det vart straks bypass. Bror nr.3 (7 år eldre) har hatt to blokkingar. Han lever i beste velgåande, 86 år gammal. Nr.4, ei søster (5 år eldre) fekk, utan forvarsel og svært uventa, infarkt. Bypass einaste løysing. No er det eg, yngst (79 år) og ei to år eldre søster som ikkje har vore borti noko. Dvs. eg var i 20/30 år plaga av atrieflimmer, men fekk hjelp ved ablasjon i 2007. Eg hadde 41/2 gode år før det tok seg opp att. Tidleg i oktober i år var eg til ny ablasjon, og i tida som til no har gått har rytmen vore heilt perfekt. Betre enn på over 30 år! Men atrieflimmer har vel ingen ting med t.d. tilstanden i kransårane å gjera? Storparten av tilfella i familien eg har nemnt, oppstod seint i 70-åra. Eg hadde eit ønskje om på ein eller annan måte å få oppklart om eg er i faresonen, men det avviste fastlegen. Ingen grunn, meinte han. Eg fekk berre eit foredrag om skilnaden på tette årar og akutte infarkt. Eg er rekna for å vera i god form etter alderen, og er slank. Lever sundt. Men det var også tilfelle med brørne og søster mi. Eg har hang til å jakta på second opinion og stiller difor desse spørsmåla 1. Er det grunn til å slå seg til ro med avslaget på undersøking? 2. Dersom eg uansett vil bli undersøkt, kva ville slik undersøking på privat klinikk/sjukehus kosta? 3. Om det siste skulle verta aktuelt, kva klinikkar/sjukehus ville vera aktuelle? Kva med ventetid?

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/372531-hjarteproblem/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Stig Bruset - Alt. medisin

Det er vanskelig å sikkert bedømme risikoen for infarkt, og oftest bruker man å vurdere flere risikofaktorer samlet. Når det gjelder diagnostikk kan det være nyttig med ultralydundersøkelse av halspulsårene for å bedømme graden av forkalkning og vurdere bruk av blodfortynnende behandling basert på hvordan hjerterytmen og blodtrykket er.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/372531-hjarteproblem/#findComment-3262747
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...