Gå til innhold

Til alle medsøstre med kløe, svie og gjentakande


Anbefalte innlegg

Eg er ei 35 år gamal kvinne som i årevis har slitt med kløe, svie, sopp og smerter under og etter samleie. Etter tallause besøk hos ulike legar slo eg meg til ro med at eg var eit lett offer for sopp og at eg måtte lære meg å leve med dette. Den siste legen anbefalte meg ei blanding av to ulike kremar som eigentleg var meint for fotsopp. Det virka som om dei hadde litt betre effekt og eg var likeglad. Etter nok ein del år med same problemet var sambuaren min lei av at eg stadig låg og grein etter samleie grunna den intense svien og brennande smerten dette førte med seg. Me fann ein privatpraktiserande gynekolog og førebudde oss på eit kanskje årelang behandling av eit samansett problem. Gynekologen såg imidlertid rakst kva som var problemet. Ho oppdaga rifter og til dels opne sår i området rundt skjedeopningen. Desse låg så langt under i hudfoldane at eg ikkje hadde oppdaga dei sjølv. Eg trudde dessutan at dei kom av intens behandling med soppkrem. Gynekologen tok ei vevsprøve som nokre veker seinare viste Lichen sclerosus. Ein hudsjukdom som fører til sår og rifter. Desse kan igjen føre til arr og vanskar med å gjennomføre samleie av di ein «gror igjen». Det var ei stor lette å endeleg kunne «feile noko». Mest truleg har eg slite med dette i minst 10 år!

Eg skriv dette nettopp for å få fleire til å sjekke ein gong til. Ved å lese ein del om svie/kløe på slike forum der mange andre sleit med same symptom slo eg meg til ro med at dette var vanleg og at eg berre måtte lære meg å leve med det. Det treng ein ikkje!! La ein gynekolog sjå på problemet og ikkje gi deg sjølv om han ikkje finn noko gale første gongen. I ein samtale med legen min etter diagnosen fortalte ho at fleire har sjukdomen i mange år før den slår ut på prøvar. Behandlinga er enkel med kortisonkrem resten av livet. Etter nokre månader smør ein kun førebyggande 1 gong i veka. Eg er så fantastisk glad for endeleg å få ein forklaring. No kan eg gå ein tur utan å klø, eg kan sove godt om natta utan å klø meg til blods, eg har mykje mindre utflod og eg er ikkje lenger så hoven nedentil. Ikkje minst ser eg fram til å få eit mykje betre sexliv! Håpar fleire kan få hjelp! 

Fortsetter under...

''Etter nok ein del år med same problemet var sambuaren min lei av at eg stadig låg og grein etter samleie grunna den intense svien og brennande smerten dette førte med seg.''

Dette høres helt forferdelig ut. Og ikke skjønner jeg at samboeren din kan ha glede av noe som bare er vondt og ubehagelig for deg.

Jeg forstår heller ikke at du har hatt samleie under disse forholdene. Man er jo ikke nødt.

Det finnes heldigivs andre former for sex enn samleie.

''Etter nok ein del år med same problemet var sambuaren min lei av at eg stadig låg og grein etter samleie grunna den intense svien og brennande smerten dette førte med seg.''

Dette høres helt forferdelig ut. Og ikke skjønner jeg at samboeren din kan ha glede av noe som bare er vondt og ubehagelig for deg.

Jeg forstår heller ikke at du har hatt samleie under disse forholdene. Man er jo ikke nødt.

Det finnes heldigivs andre former for sex enn samleie.

Kan forstå at du tenker det, Babette, men den verste smerten kom etter samleie. Kroppen var på ein måte delt - den eine delen kjende nytelsen og den andre smerten. Så var det om og gjere å la den delen som hadde det godt få mest fokus. Synest det er ganske utruleg eg også no i ettertid, men mens det står på vert alt ein vane.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...