Gjest Litt lei meg no Skrevet 20. desember 2001 Del Skrevet 20. desember 2001 Har eit barn på 19 mnd. og vil så gjerne ha eit til snart. Det har heile tida vore planen å ha ca. 2 år. mellom barna. Problemet er at eg enno ikkje har fått tilbake menstruasjonen. Årsaka er bruk av depo-provera, siste sprøyta vart satt for ca.11 mnd.sidan. No begynner eg å bli fortvila, og les i felleskatalogen at det kan ta over 18 mnd. før eggløsninga kjem i gang! Må eg verkeleg vente så lenge, eg har nok brukt ti graviditetstester til no. Legen som skreiv ut preparatet sa berre at det kunne ta nokre mnd. lengre tid å bli gravid enn etter p-pille bruk. Eg har hatt litt slim med blod i to periodar i det siste, elles ingen blødning. Skal eg berre vente, eller bør eg konsultere lege? Finns det noko "motgift"? Begynner å bli ganske desperat etter ein baby no. Er forresten 30 år, og vil gjerne rekke å få minst to barn til. Sannsynlegvis overdriv eg no, men eg har det ikkje heilt bra for tida. Kan nemne at eg slutta heilt med amming for vel 2 mnd sidan ( men då hadde vi trappa gradvis ned, og det var berre det siste måltidet igjenn) 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/40318-p-spr%C3%B8yte-f%C3%B8ler-meg-lurt/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mette Moen, Gynekolog Skrevet 21. desember 2001 Del Skrevet 21. desember 2001 Hos noen går det et år etter siste p-sprøyte før de kan bli gravide. Noen har ikke eggløsning så lenge de ammer. Du har altså to faktorer, så du må ha mer tålmodighet. Det finnes ikke spesiell motgift. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/40318-p-spr%C3%B8yte-f%C3%B8ler-meg-lurt/#findComment-151910 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.