Gå til innhold

Kva syntest dykk? (novelle)

Anbefalte innlegg

Gjest Mjauritz

Heisann, har for første gong på to år prøva meg på å skrive ei novelle. Eg er ikkje heilt sikker på eg er ferdig med den, tykkjer dykk at slutten vart for brå? Kva manglar og er det noko eg kan gjere annleis? Forslag til tittel?

Takk på førehand!

Ei ny tid

Ljoset skinte inn i vesle rommet. Tuva sat å sov med symaskina på fanget. At ho måtte sitje å sy ut i dei små timar hadde ho på førehand ikkje rekna med. Men Frua hadde gjeve streng beskjed om at ho måtte vere ferdig denne ettermiddagen. Tuva hadde aldri sydd før, difor tok det så uendeleg lang tid. Men nettopp tanken på å verta ferdig vekte ho, Tuva opna langsamt augene og såg seg varsamt omkring. Akkurat då verka rommet så ukjent, som om ho aldri hadde sett det før. Ho skulle ynskje ho var heime.

Gardinstoffet mangla, det vil seie det var brukt opp. Tuva tok på seg kåpa si og byrja å traske den 3 km lange vegen ned til marknaden. Tuva heldt augene att medan ho gjekk, dels for at ho var så trøytt at ho ikkje makta å halde dei oppe, dels for å sleppe å sjå vegen der mor hennar hadde gått. Ho måtte ikkje tenkje på det, då byrja ho berre å hate seg sjølv. Og ti meir ho hata seg sjølv, til meir forakta ho livet sitt. Men snart var ho tvungen til å glytte på dei himmelblå auga, ho kunne høyre støyet frå marknaden og visste at ho ikkje var langt unna. Utan å ofre folkemengda eit blikk, gjekk ho målretta mot gardinboden. Ein tjukk, gammal mann med namn Henrik smilte hjarteleg når han såg Tuva.

- Jasså Tuva, ute på solskinstur i dag?

- Eg skal ha det samme som i går, 2 meter. Svarte Tuva unvikande til spørsmålet frå Henrik.

- Javel javel, har Frua bestemt seg for at du skal bli?

- Er eg ferdig innan ettermiddag får eg fortsetje. Tuva lika godt den gamle mannen, av ein eller annan grunn såg ho på han som sin einaste ven.

- Du ser bleik ut Tuva, du burde få i deg litt mat. Sa Henrik og la to bollar og eit eple saman med gardinene i flettekorga.

Mat, Tuva hadde ikkje ofra det ein tanke, og ho som alltid måtte ha mors pannekaker og mjølk til frukost. Dei tidene var definitivt over.

- Takk, eg set umåteleg pris på deg, sa Tuva stiv i røysta.

- Du er mor di lik du Tuvemor, sa Henrik og fekk på nytt eit hjarteleg smil kring munnen.

-

Sjølv om Tuva ikkje ville reise frå mannen på markedet, visste ho at om ho skulle verta ferdig måtte ho komme seg avgarde. Igjen let ho auga att, og åt bollane sine. Dei smaka godt, men ikkje så godt som dei bruka å gjere. Folk ho møtte, sannsynlegvis på veg til marknaden såg med underlege blikk på Tuva, og ho kunne høyre dei forbifarande kviskra intenst.

Ho støyta borte i porten, endeleg; ho var framme. Huset var stort og fint, det var kvitt med mange glasruter og ein fin, stor terrasse. I hagen sat Frua og dei tre døtrene hennar og drakk te medan dei to sønene hennar gjekk rundt i hagen som om dei aldri hatte sett den før. Tuva skunda seg inn bakvegen og inn på det vesle rommet. Ho tok eit raskt overblikk på gardinene og byrja å sy. Ho var kjend med kva ho skulle gjere no, utfordringa var og få til ein jamn saum. Den eine gardina var halvvegs ferdig, ho såg ut glaset. Frua hadde fått besøk av to små gutar i matrosdress som tydelegvis leika sjørøvarar. Tuva kjende tårene presse på, ho tenkte på Tim, Knut, Martin og framfor alt; på vesle Jakob. Ho kunne minnast korleis Tim bruka å spikke våpen av tre og korleis dei bruka den gamle trebåten nede ved vatnet til skute. Ho kunne minnast kor søt vesle Jakob var i den fillete matrosdrakta si. Men dei tidene var definitivt over.

Tuva minte seg på om at ho ikkje skulle minnast, ho var her no. Hos Frua. Medan ho fortsette å sy lukka ho augene igjen, men denne gongen heilt ufrivillig. Ho vakna av ein uregelmessig lyd frå maskina. Søren! Saumen gjekk heilt på skakke. Etter ei fomlete stressing etter å finne sylen byrja ho å rekke opp saumen att. Sting for sting, det tok lang tid men ho gav ikkje opp. Håpet var det einaste ho hadde att, og ho nekta å gje slepp på det. Alt var avhengig av ho, fleire skjebnar enn hennar eiga.

Det banka på døra, Tuva var redd det var Frua. Stoffet la ho under bordet, Tuva ville ikkje vise kva ho hadde gjort. Utan at ho hadde sagt kom inn opna døra seg, det var kokken.

- Skulle høyre frå Frua om du snart var ferdig. Sa kokken noko uvenleg.

- Klokka er då ikkje så mange, svarte Tuva forskrekka.

- Nei, det er fortsatt formiddag men Frua ville ta middag litt tidlegare i dag.

- Eg har to gardiner att. Utan å gje Tuva nokon form for tilbakemelding, gjekk han or døra og let den forsiktig att etter seg. Mor hennar hadde ei gong sagt at uansett kor vondt alt verka, skulle ho ikkje miste besinnelsen. Tuvemor tok det til betrakting, pusta djupt inn og sauma vidare.

Sola skinte ikkje lengre inn i det vesle rommet. Tuva skjønna at ho ikkje hadde lang tid igjen. Ho tok seg saman og sydde den seiste lengda. Endeleg, 6 gardiner var ferdige. Tuva kjende brått kor kaldt det var, og kor svolten ho var. Det var ikkje snakk om å vere glad, for det verkte over alt. Særskilt i armane. Med gardinene i korg og i armar, gjekk ho forsiktig ut av rommet. Nå skulle ho vere her, kanskje til ho døydde. Sliten la ho gardinene på bordet i gangen der ho hadde fått beskjed om. Ho tok fatt i ein gammal, krullete konvolutt med eit like krullete ark inni som ho hadde spart i lomma. Tuva tok til å skrive: ”Kjære far, her kjem mi fyrste lønn. Håpar dykk har det bra, eg har det fint. Hels til brødrene mine og sei eg er veldig glad i dei. Gje vesle Jacob ein klem frå meg. Helsing Tuva”. Det var ei ny tid no.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/48107-kva-syntest-dykk-novelle/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Innhaldet er ok. Språket, og ikkje minst teiknsettinga kunne vore bedre. Det skal ikkje vera dykk verken i innleggsoverskrifta eller i slutten av novella, men de. Eg veit mange har problem med det ordet. Der er eg heldig som faktisk seier de, og ikkje dåke, dåken o.s.b.

Fin historie å arbeide vidare med.

Som dei andre har sagt, må du pusse litt på språket og teiknsetting. Personleg syns eg bråe sluttar er heilt greit så lenge du har fått "samla saman" det du har tatt opp i novella og lesaren ikkje sit att som eit stort spörjeteikn.

Eg undra meg nok litt undervegs på om det var meir som låg under - kvifor var Tuva der hos denne frua og jobba, kvifor kjendes det som om alle såg på ho osv., eg finn ikkje fleire ting i teksten (iallfall ikkje i förste gjennomlesing) som gir meg fleire peikepinner eller kan underbygge mistankar ein får.

Når det gjeld tittel så får du sjå etter kvart om du liker den du har eller vil endre på han.

Eg syns forövrig hovudpersonen hadde ein veldig slem sjef som ikkje gav ho eit bord til å ha symaskina på eingong. Det er vanskeleg å sy fort og fint om ein skal ha maskina på fanget.

Lykke til med neste utkast!

Innhaldet er ok. Språket, og ikkje minst teiknsettinga kunne vore bedre. Det skal ikkje vera dykk verken i innleggsoverskrifta eller i slutten av novella, men de. Eg veit mange har problem med det ordet. Der er eg heldig som faktisk seier de, og ikkje dåke, dåken o.s.b.

Hva mener du? Har man ikke lov å skrive dykk =dere?

Hva mener du? Har man ikke lov å skrive dykk =dere?

Jo, men ikkje som subjekt. Dykk er objekt.

Døme: De må ikkje slå dykk! Her seier svært mange nynorsktalande: Dåke/dokke/doken må kje slå dåke/dokke/doken! Sjølv seier eg : De må kje slå dokon! Men dokon eksisterer ikkje, heller.......

Annonse

Men dykk blir da korrekt å å bruke i overskriften til tråden her - slik jeg forstår det i hvertfall. Det er vel ikke noen prinsippiell forskjell på Dere og De - bortsett fra tiltaleformen?

På bokmål ville overskriften blitt; hva synes dere?

På nynorsk må det følgelig være korrekt å skriv dykk. (?)

Dette har jeg selvfølgelig ikke lingvistisk belegg for å hevde, men det klinger helt greit i mine ører - og jeg ser bare ikke feilen?

Dokke, doken, dokk osv er vel bare dialektbabbel?

På bokmål heiter det dere, anten du meiner de eller dykk. I mange dialektar brukar ein og same forma i subjekt og objekt. Derfor har nok mange problem på nynorsk.

I overskrifta Kva syntest dykk er dykk subjekt og kva objekt, difor er korrekt form de. Men eg høyrer det liksom, analysering av setningar er det over 30 år sidan eg har vore borti.

Syntest er forresten fortid. Eg ville skrive: kva synes(t) de, eller Kva tykkjer de.

Jeg gir meg, men det klinger ikke så galt i mine ører. Her i kommunen er jeg sikker på at brorparten ville brukt 'dykk'. Ordet 'syntest' tolker jeg bare som en enkel skrivefeil fra en ung og håpefull.

Hva med en kort innføring i dette tøvet med subjekter og objekter?

Eg byrja å lura på om subjekt og objekt var uttrykk frå 60-talet, men ved å søkja på nettet, ser eg at dei framleis er i bruk.

Eg skal gjera det enkelt. I setningen "eg elskar deg" er eg subjekt, deg objekt og elskar predikat. Subjektet er den den som utfører handlinga, ojektet er den handlinga vert retta mot. Predikatet er verbet/gjerningsordet.

Men dette har du sikkert lært på skulen! Rart eg hugsar så mykje frå skulen på 60-talet. Eg jobbar med tal i dag, så språk (dessverre for det meste bokmål på jobben) er berre eit "nødvendig onde" av og til.

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...