5156 Skrevet 29. april 2003 Del Skrevet 29. april 2003 Hei! Eg er plaga av ikkje-allergisk rhinitt, ukjent årsak, kanskje miljøbetinga. Diagnosen er sett av ein framståande ø-n-h spesialist. Behandlinga er Nasonex spray. Mykje av slekta er plaga av astma og allergi og bihuler som er sårbare for trekk og kulde. Eg har IKKJE allergi eller astma. Problemet i sjølve nasen er ikkje så ille, sjeldan tett og renn ikkje. Har også mykje slim i halsen, kjem frå nasen får eg vita. Behandlinga har gjort meg litt betre. Det store problemet er at nasen reagerer på sterk varme, kulde, temperaturvariasjonar og trekk. Vert "forkjøla", men det er ikkje vanleg forkjøling. Lett blødningar i nasen, brukar saltvatn og får ut nytt og gammal blod. Ikkje særleg vondt. Av og til går det i kanalar til jekslar, sterk falsk tannverk, andre gonger vondt i augene, og sjeldnare i panna. Det verste er sterk vind, ein tur i 5 grader og frisk bris imot med lue førde til at blodet rann frå nasen etter fem minutt. Sterk varme er også kritisk, vert sjuk, og kraftig "forkjøla" i anskiktet, må vera inne i jamn temperatur opptil eit par veker. Elles er eg varm om natt, må stadig liggja med kun eit dynetrekk over meg. I følge spesialisten kjem den ekstreme reaksjonen på temperaturvariasjonane frå rhinitten i nasen. På spørsmål om attest på samanhengen til Trygdeetaten var svaret svevande. Nå er praksisen nedlagt, har fått journalen som skal til min faste lege. Elles er eg arbeidsledig, men treng kanskje særtiltak. Utan spesialist kan det vera vanskeleg å koma nokon veg. Føler ofte at eg har ein sjukdom som ikkje "eksisterer". Var medlem i Astma - og Allergiforbundet, men melde meg ut fordi dei ikkje hadde noko stoff om min sjukdom på to år. Går til homeopat, visse middel hjelper litt. Venner forstår ikkje alltid at eg må ta omsyn, til røyking, sitja ute, gå på tur. Prøver å strekkja grensene varsamt, vanskeleg. Har leita etter stoff om min sjukdom, forgjeves. Kva er min sjukdom og kvar finn eg noko om den? Havnar mellom luftveisinfeksjonar og arvelege sjukdommar og allergi osv. Korleis kan eg få sjukdommen anerkjent? Får eg styra sjølv kan eg vera ganske frisk. Å verta heilt kvitt sjukdommen reknar eg ikkje med. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/102737-rhinitt/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.