Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Ok. Eg jobbar på Mega. Coop Mega. I vill anfektelse skal eg prøve å få ut frustrasjonen og sinnet som av og til følgjer med ein slik jobb. Det verkar som om folk, berre dei så vidt har fått klemt stumpen innanfor butikkdøra, skiftar definisjon frå menneske til "kunde". Det vil i mange tilfelle seie at dei oppfører seg som dumme flokkdyr som ikkje har peiling på korkje kvifor dei er der, eller kva dei skal gjere. Det aller verste som kan hende om morgonen – og som sjølvsagt stort sett alltid skjer, er dette: Inn kjem første kunde, ei søt gammal dame eller ein olding med stokk frå asylmottaket, smiler fint og seier god morgon (som om dei ikkje har den fjernaste anelse om at det faktisk ikkje er ein GOD morgon, og at eg hadde foretrekt senga framfor å sitte i kassa og presse fram ei grimase som skal likne eit smil), og kjøper eit brød. Alt går bra, heilt til denne personen drar fram lommeboka - og betalar med ein tusenlapp – som igjen betyr at eg må pese som ein idiot for å skaffe nok vekslepengar den neste timen. Ingen stor sak, men nok til å gje ein sur start på dagen. Det er eit par ting eg ønsker å gjere klart:

1. EG bestemmer ikkje prisane på varene!! Dersom du syns det er så frykteleg dyrt så dra til HELVETE! I alle fall til nærmaste butikk, om ikkje anna – eg vil nok ikkje sakne deg.

2. EG kontrollerer ikkje rullebandet med ein pedal!! Ikkje be meg stoppe bandet fordi du har skvist alle varene dine oppi varene til han framfor deg! Det hjelper ikkje å skrike å bære seg, og be meg stoppe bandet, medan du kastar deg over varene for å haøde dei att – rullebandet mitt blir styrt av ei fotocelle.

3. Ver venleg å gi meg pengane i handa, eller legg dei på disken, - ikkje på rullebandet, vær så snill!! Dei gamle vraka drar med ei skjelveande hand opp ei lefse som sikkert var ei lommebok ein gong og tømmer heile innhaldet utover det rullande bandet!! Pengane forsvinn raskt ned mellom sprinklene ved scanneren. Ooops…

4. Humoren dykkar kan de halde for dykk sjølve! Det verste ei sliten lita jente som berre prøver å gjere jobben sin og vere blid og hyggeleg høyrer, er dei ufatteleg dårlege replikkane de greier å lire frå dykk. Dersom eg spør om de vil ha kvitteringen så er de alltid klare med den samme fantastiske; ”Hehe, nei eg får vel ikkje noko for den, hehe” Uhyyyyre morsomt du! Legg merke til korleis eg ikkje ler når de seier dette. I beste fall greier eg å presse fram eit lite smil, medan eg vrenger meg innvendig i forakt for utgått humor.

5. Dersom ei vare ikkje er registrert og eg får ein sånn dum lyd når eg kjører den forbi scanneren, så sier de alltid: ”HEHEHE... Den er vel gratis den då… Hehe… ” Eller ikkje! Å så fantastisk ulideleg artig ein tur på butikken kan vere du!

6. Eg drit i korleis været er ute.

7. Eg kunne ikkje gitt meir FAEN i dei personlege problema dine!!

8. Eg smiler ikkje fordi eg er hyggeleg, men fordi eg tener pengar!

9. Ikkje fortell meg kva som er jobben min! Dette veit eg utmerka godt sjølv!

For å gjere heile butikkbesøket best mogeleg for både deg og meg så foreslår eg følgande:

1. Gå roleg inn i butikken, ta ei korg og finn det du skal ha, ikkje bruk for lang tid!

2. Er det noko du ikkje finn, LEIT MEIR! Finn du det ikkje, gå utifrå at vi ikkje har det.

3. Ikkje klag på avisen-overskrifter, ikkje bli sint på meg fordi ølsalet er stengd - og nei, du får ikkje kjøpt øl likevel, og for all del – ikkje kjeft fordi Fedon-brødet er dyrt!

4. Ikkje nemn at DU har ferie.

5. Betal med sedlar som nærast tilsvarar beløpet, og kom deg vekk fort! Og korgene skal ikkje stå på rullebandet nei, - og nei, - ser det ut som om eg har tid til å sette den på plass for deg? Takk…..

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/113929-gje-meg-styrke/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjest Daisy

Så enig, så enig. Har jobbet på butikk selv. Jobber på bensinstasjon nå. Tror jeg skal dø av frustrasjon hver gang jeg hører "hehe, nei, jeg får vel ikke noe igjen for den likevel" og "ja, da er den vel gratis da". Hvordan har det seg at ALLE kunder kan de samme dårlige vitsene? Uansett a/s/l (age, sex, location)!!!

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/113929-gje-meg-styrke/#findComment-680630
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...