Gå til innhold

Irritabel tarm?!


Anbefalte innlegg

Lune1365380790
Skrevet

Hei!

Eg er ei 19 år gammel jente som har store problemer med magemserter og diarè.

Plagene begynnte i 13 års alderen etter at eg hadde hatt kyssesjuka. Der fekk eg ein litt spesiell variant som gjorde at eg reagerte veldig sterkt på ein del matvarer. Då fekk eg veldig mageknip og diarè. Desse plagene tok aldri slutt, og har fulgt meg gjennom ungdomsskulen og vidaregåande. Plagene har blitt verre med åra. Eg har vert til lege med jevne mellomrom, og han har sendt meg vidare til spesialistar. Eg har tatt alle tenkelege testar. (rektoskopi, gastroskopi, røntgen av tynntarm, allergitestestar, lactoseinntolleranse test, cøliaki, og ein rekke andre småtestar på det lokale sjukehuset).

Der fant dei ingenting, og meinte eg var helt frisk.

Men probleme fortsette. Så eg blei sendt vidare til Haukeland. Der blei eg lagt inn, og skulle i løpet av 3 dagar ta ein rekke undersøkelsar. Der tok dei ein kolonoskopi, røntgen av tynntarmen, og ultralyd. På kolonoskpien fann dei ein del røde og betente områder og på ultralyden kunne dei sjå at på 10 cm av tynntarmen min hadde tarmveggen ein 2mm fortjukkning. Han som tok denne undersøkelsen sa med ein gong han såg dette var Morbus Chron. Eg fekk då litt panikk, fordi eg veit veldig godt kva denne sjukdommen dreiar seg om. Dei var veldig usikkre på om dei skulle sette noko diagnose, så på papira eg fekk med meg heim stod det : Morbus Chron ?

Eg begynnte på noken tablettar som heiter Mesasal, men desse hadde ingen virkning. Så legen sette meg på venting på ein MR undersøkelse. 4 mnd etterpå var eg inn igjen til MR undersøkelse. Resultata måtte eg vente lenge på, men då dei kom kunne ho sei det at dei fant ingenting som tyda på Morbus Chron der.

Så legen sa då at dei trudde det måtte vere Irritert tarm som plaga meg. Men legen ville ikkje sette den diagnosen heller, ettersom dei var litt usikker på tidlegare funn..

Så no sitter eg her, utan nokon medisin, med diaré nesten kvar einaste dag, og dagen startar med magemserter. Eg er opp om nettene med kraftige magesmerter og diarè. Eg er ofte heilt utslitt fordi eg er så dårlig. Ofte er det slim i avføringa, og det skjer av og til at det er blod med i avføringa. Men dette varer bare ein dag eller to, så går det over, og etter det så er eg kanskje bra ei heil veke uten å kjenne noko.

Eg hadde store problemer med å fullføre vidaregåande pågrunn av fravær, men det gjekk akkurat. No veit eg faktisk ikkje kva eg skal gjere. Eg har prøvd Homøopati, uten virking, eg har tatt 14 Akupunktur behandlingar uten virking. Eg har prøvd ein rekke naturmedisinar og råd, men ingenting hjelper.

Ofte må eg vente noken timar før eg går på jobb, for det har ein tendens til å gje seg litt utpå dagen. Kossen i all verden skal eg klare å få meg ein vanleg jobb? Eg har veldig lite utbetalt i denne jobben , pågrunn av at eg ikkje får betalt dei dagane er er sjuk, og eg klarer ikkje å leve på dette. Trygdekontoret seier eg rammlar mellom alle stolar fordi eg ikkje har noko diagnose. Så der får eg ingen hjelp. På sosialkontoret vil dei heller ikkje hjelpe.

Har du noken gode råd til ei fortvila jenta som snart ikkje veit ka ho skal gjere? Kva trur du dette kan være? Kan virkeleg irritert tarm bli så gale som dette? Er det noko eg kan gjere med matvanar, som eg ikkje har prøvd før?

Videoannonse
Annonse
Gjest litt hjelp
Skrevet

vet ikke om du har prøvd det, men det finnes noen tabletter som heter imodium som er ganske effektive mot diare, ivertfall litt hjelp, disse kan kjøpes resept fritt, 16stk eller på resept 100stk,

Nina Lindstad, spesialist i allmennmedisin
Skrevet

Litt vanskelig for meg å svare på dette. Du har jo vært veldig grundig undersøkt. Synes imidlertid plagene dine er forenlig med en svak variant av mb.Chrohn, og at du bør ha behandling for dette i en lengre periode. Synes du skal få en indremedisiner til å ta hovedansvaret..Det finnes mange mulige medisin-kombinasjoner som bør utprøves, og dette vil ta mange måneder.. En eventuell irritabel tarm vil nok i ditt tilfelle være sekundær. Du kan prøve Biola-melk morgen og kveld iblandet f.eks Vi-siblin fiberpulver som fåes på apotek..

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...