Dubliner Skrevet 25. mai 2005 Del Skrevet 25. mai 2005 Hei. Eg har etter kvart sjølvdiagnosert at eg lider av laktoseintoleranse. Eg har alltid vore svært glad i melk og melkeprodukter, spesielt brunost. Men da eg kom i slutten av 20-åra byrja eg å få veldig laus mage, og blei svært oppblåst. Det byrja med vanlege gass-problemer, sidan blei det så ille at magen bråka høgt nok til å forstyrre andre som var i samme rom. Eg testa meg fram til kva det kunne vere ved å unngå ulike matprodukter, og idet eg slutta med melkeprodukter fekk eg markant betring i løpet av forholdsvis kort tid. Det har etterkvart ført til at gassproblema og oppblåstheita er langt meir under kontroll, og til tider fraværande. Det spørs på kor flink eg er til å unngå melkeprodukter. Derimot er avføringa framleis laus, i varierande grad. I løpet av dei 3-4 åra som har gått sidan dette utvikla seg til å bli eit stort problem for meg så kan eg vel telje alle normale avføringar på ei hand. Det varierar fra tynn suppe til mjuk klissete guffe. Dette også varierar med kor flink eg er til å unngå melk og melkeprodukter. Vil all denne diarèen kunne medføre andre problemer? Manglar på næringstoffer eller vitaminar, til dømes? Forutan det klassiske såre endestykket, da... Kor enkelt vil det vere å få fastslått om det er laktoseintoleranse eller ikkje? (Ingenting ville glede meg meir enn om eg tar feil, eg elskar brunost...) På førehand takk. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/185635-diarelaus-mage-som-f%C3%B8lge-av-mogleg-laktoseintoleranse/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest stikkedamen Skrevet 25. mai 2005 Del Skrevet 25. mai 2005 Vet ikke om det kan gi vitaminmangel, men stadig diare kan gi elektrolyttforstyrrelser.og kanskje mangel på sporstoffer? Du kan sjekke dette ved blodprøver. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/185635-diarelaus-mage-som-f%C3%B8lge-av-mogleg-laktoseintoleranse/#findComment-1268387 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.