Gå til innhold

Atrieflimmer/ablasjon


Anbefalte innlegg

Eg er mann, 73 år, og har sidan 1980-talet vore plaga av atrieflimmer. Det siste halvåret eller vel så det har hyppigheten av anfalla auka. I snitt har anfalla dette halvåret kome nokså regelmessig omlag kvar 10. dag. Dei varer stort sett mellom 12 og 35 timar.

Nytt i løpet av det siste året er at hjarta no, i motsetnad til før, er uroleg også mellom flimmerperiodane. Grunnfrekvensen er tydeleg på plass, men det kjem ofte raske dobbeltslag, ekstra kraftige slag som eg kjenner heilt opp i halsen, eller slag kan verta meir eller mindre borte. Men dei normale slaga ligg som sagt heile tida i fast, roleg grunnrytme, altså ikkje flimring. Eg trur at ein ev. statistikk ville ha vist at det aller vanlegaste er to normale slag etterfølgd av noko ”rusk”, så to nye normale slag osv. Det er mest plagsamt når eg sit i ro, og ikkje minst når eg ligg. Når eg er i fysisk aktivitet kan det verka som om dei rette signala overstyrer dei falske. Eller var det ein amatørmessig ide?

Anfalla kan starta til ulike tider på døgnet, men start mellom kl.02.00 og kl.04.00 er det aller mest vanlege.

Eg har i fleire år trimma regelmessing på trimsykkel, ein time pr. dag fem dagar i veka. Pulsen ligg då på 110-135 (eg har store problem med å driva frekvensen opp i 140), og under denne trimminga har eg til dags dato aldri registrert eit einast feilslag. Hjarta slår heile tida reint, sterkt og regelmessig. Men straks eg slappar av etter trimminga, kjem feilslaga attende.

Eg har vore hjå hjartespesialist, og alt dette er konstatert, men lite kommentert. Med det meiner eg at eg liksom kjenner meg lite klok på situasjonen. Kva er det som skjer? Det vart så å seia berre snakk om å setja i gang med Marevan snarast mogeleg med tanke på faren for hjerneslag. Det skjønar eg sjølvsagt, men eg takka likevel nei. Som pensjonist med til denne tid god helse elles og likeeins god tid, likar eg å reisa, også i utlandet, og turane kan av og til verta litt langvarige. Ein månad t.d. Då vert tett oppfølging som Marevan krev, noko problematisk. Albyl vart så tilrådd, men tidlegare røynsle har gjeve meg mistanke om at magen min ikkje likar regelmessig bruk. Difor har eg delegert ansvaret til Vårherre og tek ikkje nokon medisin.

Derimot var eg interessert i å vita om ablasjon kunne vera noko for meg. Vellukka ablasjon kan, om eg har forstått det rett, få bukt med heile flimringa. Då eg tok dette opp, opplevde eg liten entusiasme; Resultatet, vart det sagt, var så usikkert, kanskje kunne det t.o.m. verta verre, sjukehusa hadde liten kapasitet/ekspertise på dette, med følgjande laaang ventetid osv.

Er det tilfelle at det er så usikkert?

Kor lang ventetid kan det vera snakk om?

Kan eit tilfelle som mitt vera aktuelt for ablasjon?

Kan eg sjølv be om/”forlanga” å verta sett på venteliste for vurdering?

Er det samanheng mellom flimmeranfalla og ”rusket” mellom anfalla?

Kan denne ureine aktiviteten mellom anfalla også føra til fare for hjerneslag?

Eg brukte Isoptin i mange år, men kutta den ut (eiga avgjerd) p.g.a. stadig tiltakande biverknader, slik som svært opphovna føter, svært låg kvilepuls (ned i 36) og til slutt gynekomasti. Alt dette ordna seg ganske raskt då eg slutta med medisinen. No tek eg berre Isoptin når flimmeranfalla startar og sluttar når det er over.

Med tanke på å førebyggja anfall, hadde Isoptinen ingen verknad. Eg brukte og Sotacor ein kort periode for mange år sidan, men eg vart sett tilbake på Isoptin då eg ein gong fekk blackout og stupte i asfalten.

Blodtrykket mitt er kanskje litt i overkant, men heilt akseptabelt i min alder seier fastlegen. Eg har aldri brukt blodtrykksmedisin.

Kvilepulsen min no ligg på pluss minus 60.

Høgd og vekt: 182cm og 68kg.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/203053-atrieflimmerablasjon/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Einar Søyland, spesialist i hjertesykdommer

Svar til Capricornus.

Takk for forbilledlig konsist formulerte spørsmål og god beskrivelse av hva du kjenner. Dine slutninger om hva som foreligger er sannsynligvis korrekte. Du har anfallsvis forkammerflimmer, og i tillegg utstrakt ekstraslagvirksomhet i hjertet. Disse ekstraslagene utgår høyst sannsynlig fra forkamrene, eller impulssentra som ligger i forkammernærhet, f.eks. innmunningen av lungevenene i venstre forkammer. Det er spesielt disse som kan være tilgjengelige for ablasjon.

At dine ekstraslag synes å forsvinne når du sitter på ergometersykkelen stemmer godt med dette.

Isoptin har ingen forebyggende effekt på atrieflimmer, men er effektiv i å redusere hjertefrekvensen når forkamrene flimrer.

Jeg er betenkt over at du ikke bruker Marevan. Du overdriver kontroll-nødvendigheten ved slik behandling. Jeg har svært mange pasienter som har stor og langvarig reisevirksomhet med samtidig antikoagulasjon (Marevan). Kontroll f.eks. hver 8. uke (av og til sjeldnere) er ganske vanlig hos ellers stabilt Marevan-behandlete personer.

Det er klart realistisk å få deg vurdert med henblikk på ablasjon av dette. Be om at du omgående blir henvist til et senter hvor dette utføres, d.v.s.de fleste regionssykehus. Hvis det er for lang ventetid vil det kunne være aktuelt å få det utført i utlandet, og vi sender ikke så få pasienter med rytmeforstyrrelser til bl.a. Danmark, Holland, Tyskland og Frankrike. Men - dette vil kunne tas hånd om på norsk sykehus.

Før en logg over når du får dine flimmeranfall, og hvor lenge de varer. Det vil hjelpe for å vurdere enkelte behandlingsmessige sider av saken.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/203053-atrieflimmerablasjon/#findComment-1458436
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...