gke1365380973 Skrevet 5. mai 2006 Del Skrevet 5. mai 2006 Hei Dei siste tre åra har eg gått med smerter/ubehag i underlivet. Det er blitt tatt klamydiaprøve som var negativ. Er også blitt behandla med mistanke om sopp utan at dette har hjulpe. Fekk gjordt ultralyd hos gynekolog. Ho fann ein cyste som ho meinte låg på eine eggstokken. For ein månad sidan fekk eg difor utført ein lapraskopi med tanke på at ein kunne finne årsaken til smertene.Det viste seg at dette var ein paraovarialcyste. Alt anna såg fint ut. Fekk eit brev av gynekologen min etterpå. Ho seier at denne cysten ikkje forklarar smertene då den vanlegvis ikkje gjev symptom.I brevet foreslår ho psykofysioterapi. Har ikkje høyrt om dette før men reknar med at det at det er ein slags fysioterapi som skal behandle heile menneske. Dette er sikkert vel og bra men klarar likevel ikkje fri meg frå tanken på at det er noko meir som ligg bak. Har alltid vore plaga med urinvegsinfeksjonar. Symptoma eg har no er press ned mot venstre lyske, sårhet i slimhinnene ved kjønnslippene og ein tyngdefornemmelse i underlivet.Av og til når eg vaknar kan eg ha overspent urinblære og ha litt startproblemer med å få til å tisse.Spørsmålet er: Skal eg slå meg til ro med det slik situasjonen er no evt fysioterapi eller er det andre undersøkjingar eg burde fått utført.Er 33 år. Har ikkje født barn. Er i fysisk god form. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/229415-smerter-i-underlivet/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.