Gå til innhold

Anbefalte innlegg

capricornus

For ikkje lenge sidan opplevde eg følgjande, som gjorde meg litt uroleg:

Eg hadde kjent meg utilpass nokre dagar, men la ikkje så stor vekt på det. Så vart eg ein dag svært mykje slappare, litt kvalm, miste apetitten og avføringa vart kvit. Første gongen avføringa var kvit, var den nokolunde fast, men deretter vart det rennande. Det var som det fossa ut kvitt kalkvatn. Dette stod på tre-fire dagar, så vart fargen meir gråbrun og til slutt vart etter kvart både farge og konsistens normal. Det heile stod på vel ei veke. Eg hadde lite og ikkje smerter, var berre så useieleg slapp og kraftlaus. Og litt kvalm. Urinen var blank, lys og normal. Vekta gjekk ned frå vel 67 til knapt 64, men med slik avføring og lite mat var vel det normalt.

Noko av grunnen til at eg vart så ekstra trøytt, kan vera at eg straks før og to gonger i denne perioden hadde anfall av atrieflimmer, ei plage eg har slite med i over 20 år. Då vert eg normalt trøytt.

Tankane mine gjekk naturleg nok til gallen og bukspyttkjertelen, men eg vart ikkje gul i huden og urinen var som sagt heilt normal.

Dette hende medan eg var på bortreist. Då eg kom heim, gjekk eg til fastlegen. Han tok blodprøver, som eg ikkje har høyrt meir om, men han meinte elles at dette måtte ha vore ein eller annan akutt infeksjon. Det verka som han la mest vekt på at urin og hudfarge var normal, og at eg ikkje hadde smerter. Men kan ein vanleg mageinfeksjon gje ei slik ”kalkavføring”? Kan/bør eg slå meg til ro med denne diagnosen, at alt no er over? Eg er i dag i vanleg form som eg var før denne episoden.

I to-tre år har eg vore plaga av at dersom eg et litt meir enn vanleg, får eg smerter/ubehag høgt oppe i magen. Det tek ikkje så lang tid før det går over.

(Alder 74).

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/238116-kvit-avf%C3%B8ring/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Nina Lindstad, spesialist i allmennmedisin

Kan absolutt ha vært et "subakutt gallestens-anfall". Hvit avføring betyr at gallen ikke har kommet til tarmen, slik at fett blir værende i avføringen. Gulfarge/mørk urin krever litt LENGER tid med galleveis-blokkade. Synes det er rimelig at fastlegen din henviser deg til f.eks en ultralyd av lever/galleganger og "øvre mage". For å se at galleblæren er normal, og om det er flere stener der, samt for å utelukke andre årsaker.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/238116-kvit-avf%C3%B8ring/#findComment-1839571
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...