Zarine Skrevet 26. august 2006 Skrevet 26. august 2006 Vi har endeleg kjøpt oss ein sånn der dampkokesak, etter å ha ønska meg det i mange mange år så stoppa vi utanfor asiamatbutikken i går og såg den i vindauget og gemalen kunne ikkje seie nei til store bedande auge (sjølv om vi eigentleg ikkje hadde råd akkurat no). Veldig praktisk, kan jo bruke den til så mangt. Men eg har litt lyst til å prøve å lage dampeboller i den. Slik som dei gjer i Kina, og i Tibet, Fillippinene... og for så vidt i austeuropa og sikkert både her og der. Men det hadde vore praktisk med ei enkel og grei oppskrift, og det har eg ikkje. Har du? Altså, ein deig av passeleg slag, med fyll av eit anna passeleg slag inni. Helst utan for mange spesialingrediensar som ein som regel ikkje har på eit vanleg (kjedeleg) norsk kjøkken. Helsing 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.