Gjest Isjas Skrevet 26. april 2001 Del Skrevet 26. april 2001 Hei eg er 23 og studerer idrett grunnfag. Har hatt problem med ryggen i over eit år. Gått til fysiterapaut og trent, vore til lege utallige gonger, fått konstantert prolaps ved mr undersøkelse. Står no på venteliste til utreding av ryggspesialist ved SSSF. Har fått vite at dette blir i Aug. Synest det er utruleg lenge å vente, har eksamen snart og slit med å lese pga. smerter, kan knapt gå på forelesing. Går på smertestillande dagleg, har måtta gi opp idretten min. Reknar med at dersom eg blir vurdert opperert må eg først vente lenge og så blir eg opperert i ein periode som gjer at studia mine blir påverka negativt. Byrjer å slite psykisk på grunn av plagene, går ut over hummøret fordi eg ikkje kan gjer det andre på min alder gjer. Føler at eg syt for mykje og øydelegger for kjæresten, familie og venner. Eg er heilt desperat, er det noko eg kan gjere, nokon eg kan snakke med som kan hjelpe. Kan eg reise utanlands, kva med privatklinikkar? 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/25896-%C3%B8delagt-rygg/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Ottar Grimstad, spesialist i allmennmedi Skrevet 29. april 2001 Del Skrevet 29. april 2001 Det er fleire undersøkingar som viser at langtidsresultatet av prolaps som blir behandla uten operasjon er like godt som dei som blir operert. Derfor ønsker mange kirurgar at det skal gå ei tid før ein vurderer operasjon for nettopp å sjå om plagene går tilbake av seg sjølv. No kan det jo vere forskjell på kort sikt, og smertene og plagene kan vere så store at det er grunn til å tilrå operasjon. Dersom plagene dine er svært store kan du høyre med primærlegen din om det er grunnlag for å be om raskare undersøking ved SSSF. Det fins også private klinikkar som har ortopedteneste, til dømes Volvat i Oslo og sikkert fleire. Eg kjenner til at det er mogleg å få operert prolaps privat i Danmark men prisen er høg - fleire titusen kroner. Du bør i alle høve få ei spesialistvurdering først om ein bør rå til operasjon. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/25896-%C3%B8delagt-rygg/#findComment-107571 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.