Gjest ikkjenokonikk Skrevet 17. mai 2001 Skrevet 17. mai 2001 Eg må ta GU, og er LIVREDD!!! Det snører seg i meg berre eg tenkjer på det! Sannsynelegvis har det samanheng med at eg vart misbrukt som lita. Eg veit sjølvsagt at GU ikkje har noko som helst med sex å gjere, men eg orkar ikkje tanken på det likevel. Et trur rett og slett ikkje eg vil takle det, eg kjem til å få heilt panikk og då blir eg håplaus å ha med å gjere! Derfor lurer eg på om det er mogeleg å få gjort ei slik undersøking under full narkose, eller med noko sterkare enn Valium innabords. Eg er takksam for alle svar! 0 Siter
Gjest Ottar Grimstad, spesialist i allmennmedi Skrevet 18. mai 2001 Skrevet 18. mai 2001 Dette er eit reellt problem som du ikkje er aleine om. Det er viktig at du tar opp spørsmålet med legen din. Som regel kan ein få det til uten narkose ved at legen kjenner til angsten din, at du får ha noken hos deg som du kjenner deg trygg på og ved å bruke ekstra høge doser av angstdempande middel. Dersom dette ikkje kjennes tilstrekkeleg, må ein ta opp spørsmålet med næraste gynekologiske avdeling. 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.