Gjest dadda Skrevet 23. mai 2001 Del Skrevet 23. mai 2001 Eg har dei siste 5 åra hatt periodar der eg har vore sterkt plaga med magesmerter og diare. For 3 år sidan var eg hos lege og tok blodprøver for å kontrollere om eg er allergisk mot noko. Legen fant ingenting og konkluderte med at plagane skuldast stress. Dermed vart det ikkje gjort noko meir for å finne ut av problemet. Det siste året har problemet blitt MYKJE verre og hyppigare. Kan faktisk ikkje hugse at eg har hatt normal avføring det siste halvåret.Problemet tok seg opp under ein Syden-tur i august i fjor der eg var konstant dårleg. Blei ikkje særleg betre då eg kom heim. Blir ALLTID dårleg ca ein halv time etter eg har spist. Sterkt krydra mat eller mat som inneheld mykje melk er verst. Observerer ofte at det kjem ein del slim. Blod har eg berre sett to gangar. Kan dette vere kreft i tarmen? Eller har eg ein allergi som ikkje er oppdaga? Har også lurt på om eg kan ha fått eit eller anna magevirus i Syden som eg ikkje blir kvitt. Men eg hadde jo ofte problem før den turen og...... 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/27900-kreft-i-tarmen-allergi/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Ottar Grimstad, spesialist i allmennmedi Skrevet 23. mai 2001 Del Skrevet 23. mai 2001 det kan vere grunnlag for å undersøke dette nærare no, i om med at du ikkje er blitt verre. Med den lange sjukehistoria trur eg neppe det er kreft. Det kan vere irritabel tarm, men det kan også vere betennelse i tarmen. reaksjonen på mjølk kan også peike i retning laktoseintoleranse (manglande evne til å suge opp mjølkesukker). Eg synes du skal ta kontakt med legen din igjen. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/27900-kreft-i-tarmen-allergi/#findComment-113505 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.