Gjest firdablom Skrevet 10. august 2010 Skrevet 10. august 2010 Dotter mi på åtte år har dårleg sjølvtillit. Det gjer seg utslag i at ho kan skryte veldig av seg sjølv når det er ting ho veit ho er god til. Samstundes går ho frykteleg lett i fortviling når ho ikkje kjenner seg god på ting og vil helst ikkje prøve ting ho veit ho ikkje meistrar. Ho kan og lett rakka ned på andre, som om ho løfter seg sjølv opp ved å halde andre nede. Dette er trasig og vondt både for ho sjølv og for folk rundt ho. Til tider tar både ho og skulen dårlege avgjerder fordi ho er så kjepphøg: Eit typisk eksempel er at ho bed om å få ekstra lekser av læraren fordi ho veit at det då vankar skryt, og det er det ho trur ho treng. Men så greier ho ikkje med så mykje lekser (fordi ho ikkje klarer eller vil), og så blir det dumt både for ho sjølv og for skulen. Ho er elles ei blid, omsorgsfull og utadvendt jente. Men ho treng å bli trygg på sin eigen styrke. Korleisw gir vi ho det? 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.