Gå til innhold

kjæreste fortsatt?


Gjest Anonym bruker

Anbefalte innlegg

Gjest Anonym bruker

Utgangspunkt for mitt spørsmål: kjenner at eg er skjelven i kroppen, uroleg og hjertebank i halsen ofte. Eg er blitt utrygg i mitt forhold/ og har oppdaga at eg har vore det lenge. Bakgrunn for å oppdage dette NO, er at eg stoler meir på dei følelsane som kjem- før visste ikkje eg ikkje kva eg kjente, men berre at eg kjente noko.

Det tok veldig langt tid før eg vart introdusert for hans familie/ 3 år. Han bur i ei bygd og eg bur i anna bygd 1 time mellom med bil. Når vi var på dans dei første 4 åra og andre spurde: Er det dama di? svarte han: "nei, det er ei av dei".

Til slutt sa eg at dette var ikkje moro å oppleve. Han sa unnskyld, men han sa det var berre for å ha det moro med andre. Samtidig når vi er ute bruker han å ta rundt/ holde rundt skuldra på mange damer når han snakker med dei.

Vi har vore kjærester i 5-6 år. Han er sosial, og han har en del venner og familie/ 2 voksne barn.. Eg er meir stille, liker å prate men må føle at eg kan det eg snakkar om.

Eg har tre store barn . Dei budde ei veke hos begge foreldra ganske lenge. Når min son då på 17 år plutseleg ein dag sa at no flytter eg til pappa og blir der- fekk eg sjokk/ eller vart sår lei trist og følte mykje urettferdighet. Min son har aldri kome opp her utan å hatt eit ærend etter den tid, eg inviterer og då kjem han til middag, ca kvar 14 dag når han er heime. Eg flytta frå min eksmann pga mykje krangel og uhygge- lite felles opplevingar og svært negativ,/ og at han (då) ikkje brydde seg så mykje med andre enn seg sjølv. Flytta frå min eksmann 3 år før eg vart kjæraste. Har ingen familie i nærheten- halvsøsken frå mors to tidlegare forhold langt vekke og ingen nære venner. Når eg flytta prøvde eg å være veldig sterk for ungane sin del. og eg sa ingen ting til klubbvenner at "det for eks hadde vore godt om dei kom innom til meg og snakka med meg. Eg har fleire gode tlf.venner.

Min kjærast småprater og ler og liker og fortelle til andre om sine opplevelsar. Han opplever ting, og har begeistring og gjer utrykk for det. Men med meg er han mykje stillare. Vi opplever fjellturar i lag, eg fortel at " å dette var en fin tur",

Eg prøver å fortelle om andre av mine opplevingar og tankar, han set då oftast å lese i eit blad/ fjernsyn og seier at det er berre å snakke, eg høyrer deg. Eg seier NO at eg har lyst at vi kan sjå på kvarandre når vi snakker- at det er både vanleg og høfleg og ein viser interesse og at ein fylgjer med då.. "Ja vel, ka viss det ikkje er interessant det du fortel?" seie han.

Han seier svært lite om sine opplevingar/ og i alle fall ikkje om følelsar til meg.

Opplevelse i dag onsdag: han seier "eg har tenkt meg på tur i helga". Å har du det? Han seier " Kva har du tenkt deg til med i helga". Eg seier: Eg veit ikkje endå. Seier to alterntiv: en tur på fjellet eller kanskje være med han på tur. Eg spør om han har tenkt å invitere meg med på tur. "Nei, det har han ikkje".

Seinare på kvelden: Han ser på kartbok i 30 minutt- eg spør er det i det området du skal i helga. Han seier "nei".

Han overnatter og om kvelden: Lagt på armen hans ei stund, han har stryke på min kropp og eg "berre" held rundt han og han spør: "Er du klar for å sove no, eller??" Etter mange gongers erfaring veit eg at det betyr at han vil elske...

Eg kjenner at eg vert frustrert ( for N t gong). Eg tenkjer: Kvifor kan han ikkje spørje direkte. " Har du lyst å elske"....

Eg vert veeldig usikker på vår kommunikasjon, eg tenkjer at eg er utydeleg og at han er utydeleg. Når eg tek dette opp svarer han: å seie du det, eller tja, eller det er muleg, Vi hadde betre kommunikasjon første 6 mnd, lite om følelser då og, men i alle fall mykje meir "gjensvar" når vi snakka- tok tur med kvarandre.

Eg er stressa i kroppen, eg er glad i han, men fleire gonger tenkjer eg at dette vert for travelt for oss begge, og ikkje kommunisere betre enn vi gjere. Eg skulle ønske vi var flinkare til å rose kvarandre, han seier at nei han er vel ikkje flink nok til det. Eg seier eg er glad i han, han seier det ikkje på eige initiaitv. Første året når vi var i lag, skreiv eg på melding at "glad i deg" og han svarte "trur eg ikkje på". No svarer han "så fint".

Må eg kommunisere annleis med han, har han noko ved seg som ikkje er så enkelt?? å forstå..

Må eg kreve mindre av han. Eg seier for eks at eg vil gjerne/ og liker å snakke med han i tlf kvar dag- om berre for å seie go natt og korleis dagen har vore. Nå eg ringer så svarer han ja,ja ,nei....Han kan gjerne for sin del la det gå 4 dager før han tek kontakt- for han er det ikkje så viktig med den tlf eller den meldinga. Eg blir tullete og USIKKER.

Eg bruker for mykje tid på dette og blir i dårleg humør.

Eg håper at det går an å få synnspunkt, er spent på det.

Mvh helsing "tankefull"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

Jeg hadde ikke funnet meg i dette. Å ha en kjæreste som ikke kommuniserer med meg, eller ser på meg når jeg snakker? Eller svarer på den måten du beskriver? Det høres ut som om han tar deg for gitt, og det er vel ikke hyggelig å leve med? At han ikke tar kontakt med deg på flere dager er heller ikke noe godt tegn, eller at han ikke klarer å svare på at han er glad i deg. Si at du ønsker avstand (dersom du mener det), og du vil fort se om han er interessert i å tilbringe tid sammen med deg. Dette hadde jeg ikke orket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...