Gå til innhold

Kva skjedde?


Anbefalte innlegg

dina1365380353

Hei! Skriv her, fordi eg ikkje tør å gå og snakka med lege. Men eg ynskjer likevel nokre svar. Føler meg ganske dum, til og med no når eg sit her foran PC'en og skriv - har utsatt det lenge. Men no gjer eg det altså...

For eit halvt år sidan var eg på ein date med ein som eg hadde truffe på by'n ei veke før. Vi åt middag saman og hadde det hyggeleg. Eg fekk inntrykk av at det var ein mann som var til å stola på. Etterpå gjekk vi ut for å danse, og han spanderte vin på meg. Etter ei stund på denne dansestaden skjedde det - brått vart eg så uvanleg trøytt, det einaste eg ville var å sova. Eg sa at eg måtte gå heim, men han insisterte på at eg skulle bli med til han. Han budde berre fem minutter derfrå, det ville ta meg 40 minutt å kome heim. Eg plar aldri å gjere det, men det einaste som betydde noko for meg var at eg kunne få leggje meg, så eg vart med han heim. Eg sa frå at eg berre skulle sove, og at eg ikkje ville ha sex. Det var heilt greit sa han. Eg hugsar ikkje hendelsesforløpet heilt klart, men det som hende var at eg vart usedvanleg trøytt og kraftlaus, og at han, sjølv om eg fleire gonger sa nei, kledde av meg og gjennomførte samleie med meg. Det var så ekkelt! Men eg klarte ikkje å gjere motstand - eg var så trøytt. Etter ei stund klarte eg å ta meg saman, og kom meg heim i ein taxi.

Lang tid etter har eg følt meg veldig dum, og spurt meg sjølv kva det er som feilar meg som kunne la det skje, og eg har undra meg på kva det var som eigentleg hende. Dei siste vekene har eg no lese i avisa om at byen eg bur i fløymer over av Rohypnol, eller valdtektsdop. Det eg har lese minnar meg litt om det som eg opplevde. Det gjer at eg undrar om det kan vere det som hende med meg. Kan eg ha blitt dopa (eg var så ulik meg sjølv den kvelden).

Eg føler meg så dum, og at eg fortente det på grunn av oppførselen min... Har vore mykje nedfor sidan dette hende, og eg tenkjer på det kvar dag. Er litt fortvila, og syns det hadde vore godt med nokre synspunkter på dette. Takk.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/64785-kva-skjedde/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Det var garantert rohypnol du fikk. Så du må under ingen omstendighet klandre deg selv. En politianmeldelse burde vel være på sin plass, hvis du psykisk orker det.

Ønsker deg lykke til videre og at du kommer igjennom det. Ville vel tatt kontakt med psykolog hvis jeg var deg for å få snakket ordentlig ut om hendelsen.

MVH

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/64785-kva-skjedde/#findComment-289989
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...