dina1365380353 Skrevet 28. august 2002 Del Skrevet 28. august 2002 Han var afrikanar. Eg har alltid vore litt sint på meg sjølv fordi eg har hatt den fordommen at afrikanarar vil sei og gjera mest kva som helst for å få ein til sengs. Då eg møtte K., som verka som ein kjekk kar fann eg ut at det var på tide å gjera noko med fordommane mine, så eg sa ja til å gå på ein date med han. Det skulle eg jo aldri gjort - det gjekk riktig galt. Eg har bileter som sitt på hornhinna mi, vonde bileter, eg har mange spørsmål, og så har eg så mange kjensler som eg ikkje ANAR korleis eg skal takle. Og ein ting som er så fælt, er at eg blir redd kvar gong eg ser ein svart mann. Redd, og så får eg ei vond, vond kjensle i magen. Dersom dei SER på meg eller seier noko til meg får eg lyst til å spy og å slå laus på dei. Enda om dei ikkje har gjort meg noko. Det kjennest som om alle afrikanarar er potensielle valdtektsmenn. Ein annan ting som var litt ekkelt i sommar var på sommarjobben min på ein sjukeheim. Ein gamal, einsam mann tok meg i handa, og tok godt tak i ho. Så sa han: Det var godt. Det låg ingenting seksuelt i det i det heile, men eg takla det berre ikkje, syns det var ekkelt, for nært liksom, så eg berre trakk handa til meg og gjekk vekk. Han forstod vel ingenting. Det eg gjekk og tenkte på etterpå var kva dette har gjort med meg - i og med at eg ikkje takla det ein gong. På grunn av sjukdom (kyssesjuke, som satte meg heilt ut i mange månader), har det ikkje vore aktuelt å møta nye menn sidan dette, men kva skjer når den tid kjem? Vil eg ikkje takle det i det heile? På søndag reiser eg til Sør-Amerika. Der skal eg bu i eit halvt år. Kjenner at eg ikkje klarer å tenkje på og bearbeide valdtekta no - undertrykkjer det for det meste. Eg vil vera glad no - har ikkje tid\lyst til å vera deprimert - får ta det når eg kjem heim. Ein litt farleg tankegang, det og... No må eg slutte - sit på biblioteket, det er lang kø. Vil berre sei at eg er så glad for at denne sida finnest. Det er så godt å få ting litt ut. -Og kanskje er det til og med nokon som tek seg tid til å lesa... TAKK 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/69731-vonde-minner/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
huufsa Skrevet 29. august 2002 Del Skrevet 29. august 2002 Har ikke så mye å skrive... Vil bare ønske deg masse lykke til!! *klem* 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/69731-vonde-minner/#findComment-333829 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.