Gjest ikke undertegnet Skrevet 6. februar 2003 Del Skrevet 6. februar 2003 Hei! Eg er ein mann på 28 år som i lang tid har vore plaga med store kviser i nakken og på ryggen, og i tillegg drøssevis med hudormar. Eg har prøvd ulike salvar, tetracyklin og lysbehandling, utan at dette ser ut til å hjelpe noko særleg. Eg har lese at dersom tetracyklin ikkje hjelper, kan ein prøve eit anna antibiotikum, erytromycin. Det vart teke ei bakterieprøve av innhaldet i ei av kvisene mine, men det var ikkje bakteriar der som kunne behandlast med antibiotika (dersom eg forsto hudlegen rett). Så då hjelper det vel heller ikkje med erytromycin? Sjølv om antibiotika ikkje verkar, er det likevel noko i vegen for at Roaccutan ikkje skal verke? Eg ser snart ikkje andre løysingar enn å prøve dette. Problemet er berre at hudlegen meiner eg ikkje har dårleg nok hud for å få roaccutan. At kvisene er eit problem for meg, er tydelegvis ikkje nok. Og fjernar Roaccutan hudormar i tillegg til kviser? Finst det andre løysingar? Eg har høyrt at personar, og særleg menn, som trenar mykje, kan få sinkmangel, og at dette kan gje seg utslag i dårleg hud. Kan det tenkjast at sinkmangel er årsak til hudproblema mine? (Eg trenar ein god del). Dette vart mange spørsmål. Men kort oppsummert: Kan erytromycin hjelpe? Bør eg heller få Roaccutan? Fjernar Roaccutan hudormar? Kan sinkmangel vere årsak til så alvorleg angrep av kviser? 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/92337-roaccutan-erytromycin-eller-sink-mot-kviser/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nina Lindstad, spesialist i allmennmedisin Skrevet 6. februar 2003 Del Skrevet 6. februar 2003 Har ikke hørt at Erytromycin skal hjelpe noe bedre enn Tetracyklin. Roacutane virker på en helt annen måte, trolig vil denne virke, den virker på "hudormer" også. Synes du skal diskutere grundig med hudlegen, egentlig er det vel du som bestemmer. Zink skader ikke, men det er lite sannsynlig at det hjelper mot kviser, det har best effekt mot ulike eksem-former. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/92337-roaccutan-erytromycin-eller-sink-mot-kviser/#findComment-510869 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.