Gyda Skrevet 18. desember 2003 Skrevet 18. desember 2003 Forfatteren Ragnar Hovland har sin egen julekalender (her har vi det igjen, det skal jo hete adventskalender) på forlagets nettsider (http://www.samlaget.no), og jeg må bare få referere litt, f.eks. fra luke nr. 4: Hovlands Julekalender: 4. desember Kva er julemat? Du blir lei av julemat. Dei same greiene år etter år. Du grip deg i å tenkje: Må eg slite med dette pinnekjøtet i år òg? Eller: Kan eg ikkje få sleppe dette ribbe-styret i år? Og du er kanskje av same oppfatning som eg, at kalkunen gjer seg best når han får springe fritt og viltert rundt i skog og hei. Han har iallfall ingenting på julebordet å gjere. No finst det sjølvsagt alternativ i vår tid. Og er du t.d. ein litt eldre, sliten og einsam ungkar, så vil du kanskje nøye deg med ein frosenpizza eller ein boks oppvarma Snurring med eit par kokte poteter til. Det viktigaste er at ølet og akevitten står parat. Er du av dei som skyt ulv, eller kjenner nokon som driv med slikt, så er følgjande oppskrift kanskje midt i blinken for deg. Eg har ikkje fått den av mor mi, for å seie det slik: KOKT ULV Skyt ein ulv (middels stor). Sprett han opp, ta ut det du ikkje trur du orkar å ete. Set på ei stor gryte vatn. Kok ulven, saman med rikeleg kvitløk, persille og løk, i om lag 14 timar. Rør om av og til. Tilset salt og pepar. Server han saman med ein god saus, kokte poteter og tytebær. Godt med øl eller raudvin til. Ønskjer du deg ei gyllen og sprø svor - og kven gjer ikkje det når det er jul - kan du leggje ulven under grillen i steikeomnen i ca. 20 minutt. Det er heller ikkje direkte feil å ta ein akevitt til, om du skulle lure på det. God appetitt! Svolten helsing Ragnar 0 Siter
fresja Skrevet 18. desember 2003 Skrevet 18. desember 2003 Dette må da være midt i blinken for Ulv I Faarikaal. 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.