Gå til innhold

Hovland 18. desember:


Anbefalte innlegg

Hovlands Julekalender: 18. desember

Dei som ikkje får feire jul

Dette er ikkje minst tida for å tenkje på alle dei som ikkje får vere med og feire jul i år, dei som har forlate oss dette året. Og først og fremst vil vi nok tenkje på Keiko, denne finslege, sympatiske og talentfulle kvalen som endte livet sitt ved Nordmørsstrendene. Livet vil ikkje bli det same for nokon av oss utan Keiko, men det kan kanskje vere ei lita trøyst å ta fram att den kjende "Songen om Keiko" som blei skriven den gongen kvalen gjorde nordmann av seg, og som blei sungen av så mange menneske over heile landet:

Songen om Keiko

Keiko, du er stor og fin,

liknar litt på mamma’n min.

Ligg i fjorden som eit vrak,

symje hit var inga sak.

Heimlaus er du på vår jord.

Mange kjem til deg og glor.

Gråkvalungetunge et du gjerne,

skodar stundom mot det fjerne.

Kanskje kjem Brigitte Bardot,

jaffall burde ho ha råd.

Mette-Marit er din venn,

ho vil hjelpe, ja så menn!

Ein gong var du i Hollywood,

det var tider, herregud.

No ligg du her ved Nordmøres

strender,

skitt au, det er slikt som hender.

Keiko, sei meg kva du vil.

Keiko, Keiko, stor og snill.

Og med dette lyser eg fred over Keikos minne, og så tenkjer vi ikkje meir på dei som ikkje får feire jul i år.

Litt sentimental helsing

Ragnar

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/130220-hovland-18-desember/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...