Ole44 Skrevet 26. oktober 2004 Del Skrevet 26. oktober 2004 Eg er ein mann på 43 år som vanlegvis trenar ganske aktivt på mosjonistplan. Etter ei forkjøling i månadsskiftet august/september i fjor sprang eg nokre løp utan å vere heilt frisk, og eg vart aldri heilt bra. I november var eg så til doktor og fekk konstatert Chlamydiainfeksjon på lungene. Eg fekk behandling med Erymax antibiotika før jul, og vart litt betre, men kjende meg slapp og trøytt. Først i januar var eg difor til doktor att, men alle blodprøver viste at eg var kvitt Chlamydiaen og ellers skulle vere frisk. Det var berre å ta tida til hjelp, det kunne gå nokre månader. Eg prøvde etter kvart å ta opp litt roleg trening eit par gonger for veka, og deltok også i eit løp over fem km i slutten av mars, men følte meg mindre i slag igjen etter det. Dagane var heile tida eit ork, eg hadde ikkje tiltak til noko, ville helst sove. Eg kjempa meg på arbeid og gjennomførte dagen, men vel heime vart det stort sett sofaen. Eg sov normalt om natta, men kunne likevel kjenne meg så trøytt somme dagar at eg gjekk og la meg eit par timar, sto opp og såg fjernsyn, gjekk og la meg att til natta. Etter juni har eg no ikkje vore i arbeid. Slik har vekene og månadene gått. I tillegg til dette kjenner eg meg stadig støl og sår i kroppen, skal eg gjere noko, kjennest muskulaturen sår. Halsen har heile tida vore et problem, det er som ei svie som ofte kjennest plagsom, på ein måte kjennest det litt som ved sure oppstøt, men det kjem ikkje der i frå. Ofte om kvelden spesielt, kjennest det irriterande å puste inn vanleg luft, og det er godt å legge dyna framfor munnen slik at lufta vert varmare. Elles har eg hatt fleire forkjølingar, to gonger hals- og øyrebetennelse (apocillin), i sommar tendens til bronkitt (Erymax), eg sveittar mykje om natta og eg har stadig ein trøytthetsfornemmelse i hovudet, så eg kjenner trang til å riste på det for å konsentrere meg. Utover sommaren har eg også fått konstante plager med luft i magen og no i oktober har eg også fått konstatert hemorider. I juni vart eg tilvist til undersøkjing av bukregion med røntgen og ultralyd, i august var eg på denne, men han viste ingenting gale. Så er det til doktor att, og ny tilvising til sjukehus, der eg visstnok skal få komme til før jul. Denne gongen er det visst såkalla søvnapnee ein vil undersøkje. Viser ikkje den noko spesielt, går det nye månader med ny tilvising og å få tid til ny time. Eller endå verre fryktar eg at den skal vise at søvnkvaliteten ikkje er så god, for det kan godt hende, men eg kjenner fleire som har problem med det, men ingen av desse har vanskar med å gå i jobb, og tåler godt trening og anstrengelse. Det heile er mildt sagt frustrerande. Legane er greie nok, men den eine føler eg har hengt seg opp i at det skal vere utbrenthet, og den andre prøver no dette med søvnproblema. Eg føler at ingen av dei eigentleg klarer å tru det skal vere noko gale når prøvene ikkje viser noko konkret. Det vert dermed dobbelt frustrerande når eg føler vilja til å ta meg alvorleg ikkje er der. Eg føler også at tinga eg har vorte behandla for, hals/øyre, bronkiar og hemoroider, er symptom på noko grunnleggjande feil, og at ein ikkje går til den eigentlege årsaka. I starten av september oppsøkte eg homøopat. Det han ga meg dempa øyeblikkeleg luftplagene, men har elles ikkje vore så voldsomt virksomt, men eg har klart å trene litt tre-fire gonger for veka, og luska også gjennom Oslo maraton på 1 time 53 minutt den 4 oktober. Trente også bra i to tre veker etter det, men har no ny runde med forkjøling, sår hals, verk i kropp og litt tett i bihuler, skrallehoste. Har de råd å gje, forslag til kva eg kan gjere ? det heile er fortvilande. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/162832-frustret/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Stig Bruset, Allmenpraktiserende Lege Skrevet 31. oktober 2004 Del Skrevet 31. oktober 2004 Enkelte kan bli ganske syke etter en chlamydialungebetennelse (TWAR)som vi særlig har sett hos idrettsfolk. Rekonvalescensen kan lang tid og trening kan egentlig forsinke tilfriskning hvis man ikke er helt kvitt sykdommen. Vi vet også at antibiotika, særlig bredspektret antibiotika som Ery-Max, kan gi forstyrrelser i tarmens bakterieflora. Denne er igjen involvert i vårt immunsforsvar. Det var bra at du hadde effekt av homøopati og innen alternativ tenkning ville man vel både foreslå tilførsel av melkesyrebakterier til tarmen, kosttilskudd av antioksydanter og essensielle fettsyrer, samt immunstyrkende middel som for eksempel ginsng, rosenrot og solhatt. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/162832-frustret/#findComment-1058316 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest sjøhesten Skrevet 6. november 2004 Del Skrevet 6. november 2004 Hallo frustrert! Det du har er nok ettervirkning etter infeksjonen i lungene. Det viktigste og beste du kan gjøre nå, er å ta det med ro. Du må ikke presse deg. Da blir du aldri bra! Det er viktig å holde deg i aktivitet, men stopp før du blir trøtt. Jeg har det på samme måte som deg, og har også hatt chlamydia på lungene. Jeg har alle symptomene du nevner, særlig det med sår muskulatur. Jeg tror ikke legene vet nok om dette her. Kjenn på kroppen hva du tåler, og ikke press deg. Ta helt treningsfri, du kommer tilbake senere. Chlamydia pneumonia er forøvrig det samme som TWAR, som jo ble sett på som litt alvorligere tidligere, i noen miljøer. God bedring, og lykke til! Kan gjerne "prate" litt hvis du vil, for å utveksle erfaringer. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/162832-frustret/#findComment-1064052 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.