Gjest Myosis Skrevet 1. november 2009 Del Skrevet 1. november 2009 Hei, det gjelder myomar (muskelknuter) i livmora. Den største er blitt 7 cm. Gynekologen sa i førre veke at "jeg synes vi skal fjerne livmoren din". Eg har kraftige menstruasjonar, men ikkje unormalt kraftige (bruker grønn ob i 2 dager, elles den vanlege). Regelmessig menstruasjon. Er litt jernfattig, skal fikse dette. Livmora er i følgje gynekologen no like stor som var eg gravid i 16. uke. Eg er nett fylt 41 år, fekk tidleg menstruasjon (11 år), ingen barn, har levd for det meste litt usunt (sukker, godteri, ikkje for mye trening, er 15-20 kg overvektig , men sterk, gjekk raskt opp til Gaustadtoppen for ikkje lenge sidan. 171 cm, 87 kg, kraftig beinbygning i flg Grethe Roedes måleapparat). Dei siste 7 åra: ikkje-røykar, lite alkohol.. Eg har lest på nettet at det finst behandling for dette: embolisering, lage blodpropp inn til livmora slik at knutane skrumpar inn. Kan dette vere noke å tenke på, dersom eg helst ikkje vil kvitte meg med livmora? Vil det offentlege helsevesenet gjere dette for meg? 2) Stemmer det at grunnen til at dette skjer er ubalanse i hormonar/ for mykje østrogen over lang tid? Lurer på: kan eg ved seriøst å endre livsstil redusere østrogennivået i kroppen slik at knutane minskar? Har allereie begynt å leve etter den sunne filosofien i "Fit for life" (spis deg glad) om de kjenner til den. Har gått ned fleire kilo då eg følgde denne filosofien tidlegare. Er det kosthold først og fremst som fremmer ein sunn hormonbalanse, eller er det mye trening? Er det trening å gå raskt 1 time om dagen? Eller er dette spasertur? Eg trur at dette er eit varsellampe om å endre livsstil før noke enda meir alvorleg som diabetes eller kreft hender meg. Prøver å ta dette positivt, og er lite innstilit på å fjerne livmora. For meg virker hysterektomi no som å fjerne eit symptom utan å komme til bunns i problemet. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/337553-myose-myomar-i-livmor/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.