andor Skrevet 18. februar 2003 Del Skrevet 18. februar 2003 Kva folk som går i tog meiner med det,kan vera uvisst nok.Men som eit minste felles multiplum finn ein sannsynlegvis motstand mot å logre til og lystre amerikanske ordre om å delta i ein krig som har blitt argumentert for på så gjennomført latterleg og openlyst løgnaktig vis at han framleis framstår som totalt ugrunna. Att står då berre at amerikanarane tydelegvis vil ha ein krig avdi dei har bruk for ein eller annan krig. Og det kjem dei heilt sikkert til å greie å skaffe seg, uansett kor mange protestar som kan bli sende ut frå meir sivilserte land.Om Irak teoretisk kanskje kunne greie å leggje seg så flatt at det kunne unngå å bli smadra, ville USA i løpet av ein månad eller to heilt sikkert vera i stand til å framskaffe ein annan tilfeldig prygelknabe, som kunne framstillast som ein brukeleg fiende og ein fare for tryggleiken i Gods Own Country. Slik er det,og det er det ikkje så mykje vi kan gjera med. Men det er heilt unødvendig å applaudere, og det er heilt uakseptabelt å delta med aktiv innsats i slike idiotiske eventyr. Den feige norske, danske og engelske krypinga for barbarnasjonen over there,er fyrst og framst skammeleg, pinleg og til stor vanheider for landa våre.I neste omgang er denne framferda sjølvsagt også i stid med våre legitime og faktiske ryggingsinteresser, men det er visst slutt på at vi norske sjølve kan taka del i definisjonen av desse. Reint bortsett frå dette, bør vi vel sjå fram til den krigen som vil koma med ei viss forventing. Vonleg vil bli konsekvensane bli såpass store at hendingane 9. september vil framstå som ei pølse i slaktetida. Vi får neppe anna glede ut av det enn skadeglede, men det er jo den einaste ekte gleda, har eg høyrt. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/93837-til-puddelflokken/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.