Gjest trudelutten71 Skrevet 30. mars 2005 Skrevet 30. mars 2005 Eg vart deprimert i 1998-1999, og det har utvikla seg til angst. Før dette var eg glad, trygg og energisk. No klarer eg ikkje å bli kvitt angsten. Er ikkje deprimert lenger, for eg gjekk til psykolog i eit år, ein til to ggr i veka, brukte remeron og vart meir bevisst meg sjølv. Men etter dette har eg jobba med å ikkje la angsten og andre negative tanker få overtaket, men det er altfor vanskelig og eg klarer det ikkje. Har fortalt vennene mine om det.For eg har vanskeligheter med å gå ut på byen ilag med dei, og måtte forsikre meg om at dei ikkje lot meg stå aleine, ettersom eg ikkje klarer å sørge for meg sjølv. Dette hadde eg aldri problem med før. Hadde masse å snakke om, og overskudd til å passe på at vennene mine koste seg også. No er det slik at eg har opplevd å nesten bli paralysert, og ikkje eingong klare å bevege meg ut av lokalet. Så no for tida,når eg merker tendensene, så går eg heim før det blir for gale. Har også prøvd å fortrenge det, å late som ingenting(sjølv om både eg og vennene veit det), for å se om eg på den måten kunne trykke det vekk. Det virka kansje ein liten stund, men ikkje i lengden. Eg har sidan år 2000 vore veldig bevisst meg sjølv, og prøvd å være rolig og ekte. No føler eg det er blitt slik at eg er blitt sjenert, og ikkje tør å være glad nesten, av frykt for å være falsk. På ein måte er det jo riktig, for eg er jo ikkje glad. Men av og til hadde det vore kjekt å kunne late som, slik at ikkje min usikkerhet skal overføres på andre.Og her er det som får folk til å snakke om sosial intelligens. No er det angsten som styrer, Pluss at eg sjølvsagt har lyst til å bli trygg og dermed glad igjen for godt!! Eg lurer på om elektrosjokk kan være tingen for meg, som for å røske meg ut av denne tilstanden av usikkerhet, energiløshet, tafatthet og "stum av angst"-het. Veit at dette sjølvsagt må gå gjennom ein psykolog, men eg ønsker å høyre evt fleire forskjellige synspunkter. Korleis virker elektrosjokk? Har søkt på siden ¨dekans, og på internett, men fann ikkje anna enn avis-artikler uten info eller linker til emnet. Gleder meg til svar!! (ps. skal begynne igjen hos psykologen, som eg gjekk til i den verste depresjons-perioden i år 2000) 0 Siter
Nils Håvard Dahl, psykiater Skrevet 31. mars 2005 Skrevet 31. mars 2005 Dessverre har elektrosjokk, ECT, ingen effekt på angst. Psykoterapi evt kombinert med medisiner i en periode, er det som hjelper. 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.