sjaak Skrevet 27. januar 2007 Del Skrevet 27. januar 2007 Pga depresjon og nervøsitet o.l. er det (til mi store forundring) i lengre perioder heilt umogleg å sove. Ein ond sirkel eg antek mange kjenner til. Men, problemet er at når eg er nervøs og uroleg, så våger eg heller ikkje ta Temazepam tabletter eg har fått av legen. Alt blir irrasjonelt, og eg trur dei er farlege og at dei kan slå ut på hjertet e.l. (Eg har også hjerteproblem/pacemaker.) Derfor, til meir nervøs eg er og til større behov eg har for søvn, til mindre sansynleg er det eg tek tabletter. Nokre som har det liknandes, og korleis kjem ein over det? Får kontroll over si eiga frykt? Og om eg tek tabletter får eg panikk av det rett etterpå, og er enormt stressa til eg blir slått ut og sovner. (Eg har nemnt det til legen at eg er bekymra mht hjertet, fordi det står under lite sansynlege bieffekter at det kan påvirke hjertet. Ho seier at det ikkje kan det, men sa eg burde spør kardiolog. Eg nemnde det og han sa "det kan jo aldri utelukkast"..hrmf. men, ingenting kan nokon gong utelukkast heilt, og når eg kjenner meg ok veit eg det bare er tull at eg ikkje våger ta tabletter. ) 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/263823-temazepam/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.