Gå til innhold

Sportsdrikk eller "skikkeleg" mat?


fjellklatrer

Anbefalte innlegg

fjellklatrer

Hei!

Saman med to kameratar har eg nyleg gjort eit forsøk på å nå toppen av Mont Blanc (4800 m). Mine to kameratar nådde toppen utan nemneverdige problem, medan eg vart nøydd til å gje meg på 4300 m.

For ordens skuld nemner eg at vi hadde ei tilfredsstillande akklimatisering (4 dagar) før toppforsøket.

Som kjent er væsketapet stort under slike turar. For å kompansere for dette drakk eg derfor ein del av såkalla sportsdrikkar (Isostar og XL-1). Eg vil anta at eg drakk omlag 3 liter sportsdrikk kvar dag. I tillegg kom reint vatn, suppe og væske i middagen (gryterett). Eg drakk heile tida så mykje at urinen var klår.

Alt eg drakk av sportsdrikk var imidlertid blanda tynnare enn det som er anbefalt av produsenten. Det som skulle blandast ut i 1 liter vatn, vart av meg blanda ut i 2 - 2,4 liter vatn (dvs. at blandinga mi inneholdt ca. 35 g karbohydrat pr. liter).

Vi starta turen mot toppen klokka 3 om morgonen, og brukte 5 timarfrå leiren på 3100 m og opp til 4300 m. På denne turen var eg plaga av fullstendig mangel på matlyst. Det einaste eg var i stand til å få ned av fast føde var ein liten fruktsjokolade. Men det gjekk greit å drikke sportsdrikk.

FØRSTE SPØRSMÅL:

Kan denne fullstendige mangelen på matlyst skuldast at magen var "øydelagt" av 4 førutgåande dagar med inntak av sportsdrikk?

Mine turkameratar drakk berre vatn under turen (alle dagane), og dei hadde ikkje problem med manglande matlyst.

Grunnen til at eg måtte gje meg på 4300 m var at eg var utmatta og heilt utan kraft i beina. Både manglande matlyst og utmatting er symptom på høgdesjuke, men eg hadde ikkje hovudverk (som gjerne er det første ein merkar) eller andre symtom på høgdesjuke. Eg ser derfor ikkje vekk i frå at eg vart utmatta fordi eg gjekk tom for karbohydrat. Pga. tynn luft og bratte motbakkar blir intensiteten ganske høg på slike turar. Eg vil derfor tru at ein 5 timars tur er lang nok til at ein kan gå "tom", om ein ikkje får tilført tilstrekkeleg med karbohydrat undervegs (som kjent så har kroppen vanskar med å forbrenne fett i store høgder, så energien må i større grad enn vanleg kome frå karbohydrat).

ANDRE SPØRSMÅL:

Kan sportsdrikkar vere ei brukbar erstatning for "skikkeleg" mat under slike turar/toppforsøk som nemnt ovanfor? Om så er tilfelle, bør blandinga då vere tynnare eller sterkare enn den eg brukte?

Det er jo etterkvart ein del nordmenn som reiser til Alpane og fjernare himmelstrøk for å bestige høge fjell, så eg vil tru at eit evt. svar vil vere av interesse for fleire enn meg.

Med venleg helsing

"fjellklatrer"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

John Gunnar Oppheim, Instruktør

Hei,

1. Matlysten kan forsvinne pga. høyt stressnivå som følge av alle belastningsfaktorer sammenlagt.

2. Sportsdrikker erstatter ikke hele måltider. Her burde en ha tenkt nøye gjennom hvordan mat og drikke skulle fordeles på hele turen.

http://www.trim.no/kosthold/vaeske.shtml

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...