Zarine Skrevet 15. juni 2004 Skrevet 15. juni 2004 Det er noko ved Outlook (har v 2002) som irriterer meg. No i det siste har Outlook begynt å sortere mail inn i "Useriøs e-post" heilt av seg sjølv, utan at eg på nokon som helst slags måte har lagt avsender til i lista over useriøse eller nokon ting. Merka det først da eg venta og venta på ein faktura frå ein seljar på eBay som aldri kom, og så viste det seg at den var sortert til Useriøs...! Heilt plutseleg utan forvarsel, og da såg eg jo at det låg masse post der... Det er jo fint å vere frampå, men når programmet tar seg til rette og sorterer til "useriøs" meldingar (til dømes frå epostlister) som eg har oppretta eigen regel for - ja da går det for vidt! Og ikkje nok med det, no i eit par dagar så har ei melding blitt filtrert til rett mappe jfr regelen, mens ein kopi har blitt sendt til Useriøs... Kva GIR du meg?!? Eg begynner å bli irritert, rett ut sagt. Og "whitelist" som enkelte masseutsendingar nemner, det har eg no ikkje funne noko av, så det hjelper meg ikkje. Er det andre som har opplevd dette, og har gode råd for kva eg skal gjere for å få tukta Outlook til å oppføre seg skikkeleg igjen ;-) 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.