Avdanka Skrevet 1. juli 2014 Del Skrevet 1. juli 2014 Eg er ein mann på 70 år, bra oppegåande fysisk. 188 høg, 90 kg. har aldei røykt, og drukke svært lite alkohol. Bruker berre medisin mot trykk i augene. Dei siste åra har eg gradvis fått kribling / prikking i beina. Det starta i terene, rundt fotsolen, og har etter kvert gått opp over leggane. Eg kan prøve å beskrive det som om skinnet er som ein sokk, som ikkje har heilt kontakt med underlaget før ein kjem godt opp på leggane. Dreg eg ein finger opp etter vrista, så "prikkar" det, omlag som når blodet kjem tilbake, etter at eg har frose. Eg kan følest kald på beina, også når eg ikkje er det. Eg har ikkje noko tilsvarande i hendene. Fastlegen har sjekka blodtilførsel ved å knipe på stortåa, for å sjå om blodet kjem raskt tilbake, og kjent på pulsen ved ankelen, og midt under foten. Alt verkar O.K. Eg har brukt ein del gummistøvlar op gjennom åra, elles har eg ingen misstanke om noko som er grunnen. Lurer på om noko form for vitamin eller mineralmangel kan føre til dette, Eventuelt om det er noko gale med nervane til beina. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/399490-kribling-i-beina/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Allmennlege Kjell Vaage Skrevet 1. juli 2014 Del Skrevet 1. juli 2014 Jeg vil foreslå at du igjen kontakter fastlegen og ber han utrede litt mer fyllestgjørende for de plager du nevner. Du nevner selv vitamin mangel som kan være mulig. Be fastlegen om han kan undersøke det og eventuelt andre prøver som blodsukker m.m. Dette finner dere nok ut av. Mvh Kjell 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/399490-kribling-i-beina/#findComment-3549374 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.