Gå til innhold

Byrjar å tru på meg sjølv no...


dina1365380353

Anbefalte innlegg

dina1365380353

Har lyst til å skriva litt om det som skjedde med meg - for å letta hjata mitt, liksom. Den siste månaden har eg vore inne på denne sida kvar dag for å lesa. Det er både godt og vondt. Vondt fordi det er så mange av dykk som har opplevd forfærdelege ting, og det gjer vondt inne i meg når eg les om alt det fæle nokre folk kan gjera mot andre! Det har likevel vore litt godt for meg og - å lesa om at der er andre som har vore der, som kjenner på den same smerten. Eg ser de er flinke til å støtta opp om kvarandre. Det er veldig bra!!

Eg vart voldtatt for 8 månader siden. Eg var på ein date, og han gjennomførte samleie med meg, sjølv om eg tydeleg, både verbalt og fysisk viste at eg ikkje ville. Det som skjedde i ettertid, var at eg tok all skuld på meg. Det var jo min feil - eg hadde jo ikkje klart å stoppa han!

Så til venninnene mine sa eg at han var ein kjekk fyr og når eg møtte han ute, snakka eg høfleg med han, sjølv om eg alltid fekk ein ekkel følelse. Det var jo EG som hadde oppført meg dumt! Og han var så gentleman-aktig - han kunne då ikkje vera ein valdtektsforbrytar. Nei, det var nok meg... Eg prøvde, og klarte veldig godt å fortrenga det at han hadde gjort meg noko gale.

I lang tid etter at det hendte, nærmast hata eg meg sjølv. Eg følte meg svak, umoraslk og avskydde meg sjølv som seksuelt vesen.

Eg har tenkt mykje på dette i månadane som har gått sidan 6. januar... Det er likevel berre eit par månader sidan eg begynte å forstå at det ikkje var meg, men han som hadde gjort noko gale den kvelden. Eg har no fortald om det til eit par venninner. Men det er så rart - etter at eg hadde fortald det, begynte eg å lure på om eg hadde dikta alt opp - det kunne då ikkje vera sant... Så flink har eg altså vore å fortrenga det heile.

Eg kjenner no når eg skriv dette at eg klarar å tru på meg sjølv no. Eg veit at det skjedde, og eg veit at det var HAN som gjorde noko gale!

Har lyst til å fortelja dette til mor mi, men veit ikkje om eg tør. Er redd for at ho skal bli veldig lei seg (det veit eg, forresten, men orkar eg - og ho - det?). Er og veldig redd for at ho skal bli skuffa over meg, og anklaga meg for det som skjedde...

Dette vart visst langt, men det var veldig godt, å få skriva ting litt av meg.

Takk for at du tok deg tida til å lese.

.. eg trur eg kjem til å skrive her igjen...

Helsar til dykk alle!!

MVH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Kjære Dina!

Velkommen skal du være!

Så fint at du tør å skrive her inne da! Og veldig viktig at du har begynt å jobbe med det som skjedde, og ser at det ikke var din feil. Det er grunnleggende for å kunne komme videre etter en voldtekt.

Hvis du har et åpent og godt forhold til din mor, synes jeg du skulle betro deg til henne. Jeg tipper hun vil ta det som en tillitserklæring om du betror deg til henne, og da slipper du å gå alene med tankene dine.

Fortsett å skrive her inne, vil gjerne vite hvordan det går med deg fremover!

Varm velkomstklem fra Grete :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...