Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Hr. x skulle fikse på røyra i huset og trende rørleggar. Han kontakt rørleggar y som arbeider i eit firma som driv med slik. Det tok ein time å gjere jobben.

Y ville gjerne ha att 100 kroner i lomma etter at jobben er gjort. Med 50% marginalskatt, og 14% arbeidsgjevaravgift, må bedrifta ha 285 kroner for at Y skal ha att 100 som betaling. OK; dei fakturerar 285 kroner og X må betale.

Men X må også jobbe ekstra for å betale denne rekninga. X sin arbeidsgjevar må betale X 285x2=570 kroner, sidan X har 50% marginalskatt. I tillegg må arbeidsgjevaren betale 80 kroner i arbeidsgjevaravgift, i alt kr. 650,-.

For at røyrleggaren skulle sitte att med 100 kroner, må X sin arbeidsgjevar betale 650 kroner. Av dette tar staten 550 kroner i samband med "handelen".

.......

Dømet syner korleis skattekilen verkar på folk sin økonomi, og korleis skeivheit mellom beskatning av ulike grupper og mellom arbeid og kapital, gjev seg abnorme utslag.

Etter at Skaugeutvalet la fram si innstilling, herjar ukunnige sosionomjournalistar og hevdar at dei rike blir rikare og dei fattige fattigare.

Dei skjønar ikkje at slikt skattetrykk dempar økonomisk vekst, og skapar vanskar for nettopp dei fattigaste.

Vi som får ein minstepensjon i tillegg kvart år, gjev fan i det og betalar.

Vulgær journalistikk får fattigfolk til å tru at dei er best tent med å skatte andre lønstakarar i hjel.

.................

X og Y vart i staden samde om å la vere å blande staten inn i dette.

X baud Y 150 kroner for jobben rett i handa, og begge vart godt forlikte.

Dei tente begge stort på handelen, og staten "tapte" pengane.

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/92495-skauge-utvalet/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...