Gjest suniva Skrevet 25. april 2004 Skrevet 25. april 2004 Tenk, langt der ute ein stad, finnes du. Ja, akkurat du. Eg tenkjer mykje på deg, og er så utrulig glad i deg. Likevel anar eg ikkje kven du er. Eg veit ikkje korleis du har det, eller kven du er i lag med.Likevel lengtar eg meg nesten sjuk etter å få halda om deg og trøysta deg. Kanskje har du det fint, og veit lite eller ingenting om din ublide og ufortente "skjebne". Eg håpar du blir så skåna som råd er i den vanskelige tida du snart skal møta.Eller kanskje alt snart vert mykje betre. Eg gleder meg til å få møta deg, verta kjendt med deg.Få sjå deg læra noko nytt. Meistra livet ditt.Eg ynskjer å følge deg gjennom solfylte dagar og gjennom tornekratt Eg gleder meg til å få sjå smilet ditt, høyra latteren din. Sjå deg leika med dyra og venene din. Få halda om deg og vera ilag med deg, når livet går deg imot, og du har det vondt. Tenk, ein dag vil du kalla meg "MOR"..... 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.