targa Skrevet 27. mars 2001 Del Skrevet 27. mars 2001 "Trygdebrukarane er meir nøgde med trygdekontora sine tenester enn dei har vore tidlegare. Dette viser den årlege brukarundersøkinga Norsk Gallup har utført for Rikstrygdeverket. Resultata viser ein jamn framgang frå 63 kvalitetspoeng i 1997, då undersøkingane starta, til 65 kvalitetspoeng i 2000. – Utviklinga er gledeleg sett i lys av etatens systematiske satsing på serviceerklæringar frå 1997, seier trygdedirektør Dagfinn Høybråten. Dei tilsette har gjort ein kjempeinnsats for å gi betre service og kortare svartider til brukarane, og då er det svært oppmuntrande at brukarane seier at dei opplever forbetringar, held Høybråten fram. Fylkesvise resultat må tolkast med større varsemd, men det er framleis Aust-Agder og Hedmark som skårar høgast, deretter følgjer Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag. Elles ligg Sør-Trøndelag, Oslo, Oppland, Sogn og Fjordane, Akershus og Buskerud over landsgjennomsnittet. – Vi gjennomfører brukarundersøkingar fordi vi ønskjer å vite kva brukarane meiner om tenestene våre. Resultata brukar vi i arbeidet for å forbetre tenestene ytterlegare, seier Høybråten. – Sjølv om brukarane er meir nøgde med svartidene enn då vi starta målingane, konstaterer vi at dei framleis er minst tilfredse nettopp på dette området. Satsinga på kortare svartider, service og kvalitet vil halde fram. Det er tredje året Norsk Gallup gjennomfører denne undersøkinga for Rikstrygdeverket. Eit klart fleirtal av trygdekontora sine brukarar er som heilskap tilfreds med trygdekontoret. Brukarane vart spurde om sine vurderingar på i alt 17 enkeltområde. Brukarane er mest nøgd med saksbehandlaren si evne til å snakke eit lett forståeleg språk. Deretter følgjer skrankepersonalet si serviceinnstilling og høve til å gjere timeavtale. Kor tilfredse brukarane er, aukar med alderen deira. For brukarar over 67 år ligg kvalitetsindeksen på 78 poeng, medan han for brukarar under 25 år er nede i 58. Minst nøgde er brukarar på områda som gjeld bidrag, yrkesskade, grunn- og hjelpestønad, fødselspengar, kontantstøtte og barnetrygd. Det aller viktigaste for den totale vurderinga av om dei er tilfredse med trygdekontora, er brukarane si oppleving av samhandlinga med saksbehandlar. Deretter følgjer skrankepersonalet si serviceinnstilling, informasjon i forhold til behovet for informasjon og sjølve saksbehandlingsresultatet. Dei som har vore i direkte kontakt med trygdeetaten, har eit klart betre inntrykk av etaten enn resten av befolkninga. – Dette tilseier at trygdeetaten framleis har ei utfordring når det gjeld å betre sin «image» blant ikkje-brukarar og i samfunnet generelt, seier Dagfinn Høybråten. I Gallup si undersøking er brukarane spurde om inntrykk av ei rekkje offentlege etatar. Det viser seg at brukarane er meir tilfredse med trygdeetaten enn med andre etatar det er naturleg å samanlikne med." 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/23258-brukerunders%C3%B8kelse-av-trygden/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Irene Grøneng Skrevet 28. mars 2001 Del Skrevet 28. mars 2001 "Minst nøgde er brukarar på områda som gjeld bidrag, yrkesskade, grunn- og hjelpestønad, fødselspengar, kontantstøtte og barnetrygd." Lurer på hvorfor kontantstøttemottakere er så misfornøyde? Kan det ha sammenheng med at det egentlig er regelverket de er misfornøyd med? Jeg tenker spesielt på dette med avtalt oppholdstid kontra faktisk oppholdstid. Det irriterer meg alltid at jeg aldri får svar på slike spørsmål når jeg leser statistikk :-) 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/23258-brukerunders%C3%B8kelse-av-trygden/#findComment-98755 Del på andre sider Flere delingsvalg…
targa Skrevet 28. mars 2001 Forfatter Del Skrevet 28. mars 2001 "Minst nøgde er brukarar på områda som gjeld bidrag, yrkesskade, grunn- og hjelpestønad, fødselspengar, kontantstøtte og barnetrygd." Lurer på hvorfor kontantstøttemottakere er så misfornøyde? Kan det ha sammenheng med at det egentlig er regelverket de er misfornøyd med? Jeg tenker spesielt på dette med avtalt oppholdstid kontra faktisk oppholdstid. Det irriterer meg alltid at jeg aldri får svar på slike spørsmål når jeg leser statistikk :-) Jeg tror at storforbrukere skjønner kompleksiteten og får forståelse for hvordan tingene er i større grad enn folk flest. De du nevner, er i den andre enden av den skalaen... De som er aller minst fornøyd, er de som aldri eller svært skjelden bruker Trygden, - til annet enn det "som går av seg selv". Det tror jeg henger sammen med medias oppmerksomhet på "trygdebrukere". - Det er de groteske sakene som er i media, og det er på bakgrunn av slike saker mange gjør seg opp sin mening med trygden... :-) 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/23258-brukerunders%C3%B8kelse-av-trygden/#findComment-98884 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.