AnonymBruker Skrevet 23. juli 2018 Skrevet 23. juli 2018 Bør leses! https://tidsskriftet.no/2018/06/essay/serotoninet-eller-samfunnet Dei biologiske teoriane er mislikte, men harmen rettar seg kanskje endå meir mot opplevinga av at psykiske plager vert avkontekstualiserte. Folk fortel at plagene deira vert oppfatta som uttrykk for patologi og ikkje vert vurderte i ljos av dei opplevingane som forårsaka dei. Ei av dei kritiske røystene er den engelske journalisten Johann Hari, som nyleg ga ut boka Lost connections. Hari var ute av seg på grunn av kjærleikssorg då han var 18 år. Legen brukte under ti minutt på å forklåre at Hari hadde depresjon, ein hjernesjukdom som skuldast serotoninmangel. Legen spurde ikkje kvifor Hari var så lei seg eller kva som hadde skjedd i livet hans, men skreiv ut resept på Seroxat, som Hari brukte i 14 år. Han slutta fordi terapeuten hans peika på at han var like depressiv uansett. Hari stilte seg to spørsmål: Kvifor er eg deprimert sjølv når eg tek eit antidepressiv? Og kvifor er det så mange no for tida som kjenner seg deprimerte? Ligg det noko anna enn dårleg hjernekjemi under? Hari undersøkte saka dels ved å lese og dels ved å snakke med forskarar frå samfunnsvitskapane, psykologien og psykiatrien. Det let seg ikkje gjere å ha fullt oversyn over forskinga på dette feltet, men Hari skal ha heider for forsøket. Boka er driven av indignasjonen hans over å vere ført bak ljoset ved å tru på ei forklåring som ikkje held vatn. Konklusjonen hans er at antidepressiv oftast er utilstrekkeleg behandling for depresjon. Det trengst andre tiltak – og andre forklåringar på plagene. Anonymkode: f3425...609 0 Siter
kupton Skrevet 23. juli 2018 Skrevet 23. juli 2018 Det er ingen motsetning mellom antidepressiva og psykoterapi for depresjon. Studier viser at det nesten alltid er best med kombinasjonen. Om den relative betydning kan minst tre faktorer vurderes: - Jo alvorligere depresjonen er, jo viktigere er medisiner. - Jo flere episoder personen har hatt tidligere, jo viktigere er medisiner. - Jo mer en kan identifisere livsproblem/utløsende faktorer, jo viktigere er psykoterapien. 0 Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.