Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Saknet og tomheten er overveldande, smerta er ubeskriveleg stor.

Kjærleiken din var ufatteleg. Du er borte. Eg vil ikkje tru det. Men eg veit at eg aldri skal få sjå deg att, sjølv om eg ikkje greier å fatte det. Eg saknar deg Anette. Forstår du det?? Kvifor måtte du reise frå oss? Eg treng deg. Vi treng deg her, hos oss.

Det er så tomt utan deg Anette. Det er som om eg har eit stort svart hol, inni hjarta mitt. Eit tomrom som ikkje kan fyllast. Ei smerte som berre kan døyvast, aldri, aldri bli borte.

Du var så vakker, kjære Anette. Så strålande god, tvers igjennom ekte. Og fylt med kjærleik som du alltid gav av.

Eg vil ha deg her Anette. Skulle så gjerne holdt rundt deg no. Du skulle stryke handa di over håret mitt, og fortelle meg at alt kom til å bli bra. Som før. Vugge sakte fram og tilbake, komme med trøstande ord, og få smilet mitt fram att. Få meg til å le, slik som du alltid klarte.

Stillheten er så overveldande. Latteren din er borte. Eg skal aldri få høyre den meir.

Aldri høyre deg tøyse og le. Aldri holde rundt deg meir. Aldri sjå deg. Kvifor?

Det er så urettferdig. Det kjennest så feil. Du var så full av liv. Og så berre, plutseleg, -

Eg innbiller meg at du skal komme att. Ventar på at du skal komme tilbake. Tanken på at du aldri skal komme hoppande i gangane på skulen meir gir berre ikkje meining.

Store lydlause tårer trillar nedover kinnene mine. Dei kjennest vonde, såre. Og salte.

Du er ikkje her til å tørke dei bort.

Du var så lukkeleg du Anette. Du visste å sette pris på livet. Du brydde deg om det som var viktig, brukte ikkje tid og krefter på å irritere deg over totalt meiningslause ting. Du hadde ein heilt fantastisk personlighet. Vi har så mykje å lære av deg, vennen min.

Vesle søte god-jenta mi..

Du visste kva du ville med livet ditt, og alt var så perfekt tilrettelagt for deg.

Hadet vennen, vi snakkes-, var det siste du sa til meg

No er du ein engel..

Lenke til kommentar
https://forum.doktoronline.no/topic/97766-%C3%A5-miste-ei-venninne/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...