Gjest hmsfx Skrevet 9. desember 2005 Del Skrevet 9. desember 2005 Trudde ikkje eg skulle kjenne det slik då eg kom attende frå ferien heime, trudde ikkje magen min skulle dvele seg slik som den gjer. På ein måte er det lettare og vere heime, der er det ikkje så mange kjensler eg er nøydd til å konfrontere. Her møter eg dei kvar dag, frå eg står opp, til eg legger meg. Har tenkt på å seie noko, men kva kan eg seie? Det er ingenting å seie, ingen ord som høver inn. Eg lengtar etter å vere fri, etter å vere ein stad der eg kan sleppe, er lei av å heile tida måtte skjule det. Veit eigentlig ikkje om det er noko å skjule heller, men desse kjenslene som eg ikkje heilt kan setje ord på må jau vere eit teikn? For tenk om eg har fått noko tildelt som eg ikkje skulle ha fått, at eg er ein av “dei”. Tenk om konservative og vitenlause brått har fått ein grunn til ikkje å setje meg like høgt i verdi som før. At nokre brått skulle få ein grunn til å frykte meg, brått skulle eg bli sett i bås. Ikkje her, men heime. Kunne ha vore dn fyrste og banebrytande unge jenta, kunne det. Men fyrst må eg vera sikker, og når blir det? Får eg aldri vite? Det er ein grunn til at norsklæraren min ikkje har ville røpe seg gjennom alle desse åra, det er ein grunn til at han har gøymd seg bort, langt inne i gokk. Eg vil ikkje verta som han, vil ikkje det. Men eg ser det klart. Meg aleine, kanskje eg har ein katt, sit og målar, men produserar aldri noko av verdi. For eg manglar den største lidenskapen. Eg berre målar, eg berre målar sjela mi i mørke fargar; svart, brunt, kanskje litt raudt. Tør ikkje å sleppe meg laus, måle det som er ekte. Det er sånn eg vil døy, om eg ikkje gjer noko med livet mitt, om eg ikkje tek ansvar, men eg er så redd. Redd for å blottleggje meg, redd for å bli kledd naken. 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/209533-trudde-ikkje-at-eg-skulle-kjenne-det-slik/ Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest LucySky Skrevet 9. desember 2005 Del Skrevet 9. desember 2005 Du har sikkert tenkt på det sjøl, for du virker som en som tenker mye og er rimelig gjennomtenkt nå - men kan du ikke snakke med noen som er i din situasjon, men kommet videre med den enn deg? Så du føler at du har noen i ryggen noen du kan ringe til osv når det står på. I alle fall syns jeg ikke at du skal gå for lenge på vippen slik du gjør det nå. Stor klem og lykke til i livet som sikkert blir GODT ute i lyset! 0 Siter Lenke til kommentar https://forum.doktoronline.no/topic/209533-trudde-ikkje-at-eg-skulle-kjenne-det-slik/#findComment-1519428 Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.