Gå til innhold

Er dette en mixed episode?


AnonymBruker

Anbefalte innlegg

AnonymBruker

Eg blir forvirra. Forvirra av meg sjølv. Kroppen, eller den fysisk energien er grei, den varierer mellom normal og litt giddalaus. Men hovudet. Tankane. Stemninga. skifter fleire gonger om dagen, mellom heilt ok, lett oppstemt og nedstemt.

Eg er veldig aktiv på sosiale media no. Eg planlegg mykje. Kontaktar mange. Eg har spurt på facebookgruppe om nokon blei med å gå Vidden. Takk for at ingen kunne den dagen. I neste augneblink var ein ti minutters gange til butikken meir enn nok, og eg håpa på å ikkje treffe kjente, så eg måtte prate, smile, verke normal.

Eg gjekk tur med ein kollega i går. Det var ein totimers tur. Det gjekk, men var sliten, det var tungt å gå. Like sliten av å henge med i samtalen.

Eg kan vere gira og begeistra, skrive mykje, ta kontakt med mange, glede meg, og i neste augneblink så kan det tunge komme over meg. Frå å vere glad og fornøygd, kan det skifte på nokre sekund til at eg kjenner meg nedstemt, og tenkjer destruktivt og sjølvbebreidande (og eg veit ikkje om eg har grunn til å bebreide meg sjølv, eller om det er (depresjons-?)tankar som vil lure meg. Kanskje ein kombinasjon.

No har eg invitert masse folk.  Blei veldig ivrig med dette i stad til i morgen. ville helst ha besøk her med ein gong. No håper eg ikkje at så mange kjem (som det sikkert ikkje gjer, det er jo ferietid, puh),

Har sendt tekst til Lytteposten. Er det ukritisk?

Eg trur eg svingar meir i løpet av ein dag no enn kva som er normalt, også for meg. Fyller kanskje ikkje kriterier for blanda episode, men trur det må grense mot det. Sist depresjonsperiode begynte litt slik også. før eg var heilt nede, at stemninga var litt iblanda hypomane idear, subsyndromal blandingstilstand trur eg at eg kalla det, men det var vel eit namn eg dikta opp.

Trur at eg må ha hatt det før. Har lest litt, og det stemmer ganske bra med slik det var eine gongen eg var innlagt. Eg trur eg hadde mykje hypoman kropp og depressive tankar, pluss at stemninga skifta hyppig innanfor den perioden, kunne nok bli litt meir oppstemt i hovudet også innimellom. Veldig ustabil. Irritabel. Kom med ukritiske kommentarar/kritikk. Forstår godt legen trudde eg hadde eupf viss han trudde at det var normalt for meg å vere slik.

Er ikkje irritabel no, men det skiftar så brått. Frå å glede meg til og over ting, til å tenkje på at eg ikkje eg vil meir, til å synest eg har funnet ei ganske glup løysing på eit problem knytt til eit remedie.

Men kroppen er aldri uroleg. Bortsett frå fingrane, som vimsar over tastaturet.

Frå å tenkje det skal bli heilt fint å begynen på jobb etter ferien, til å lure på korleis i alle dagar eg skal greie det.

Aktiv på sosiale medier. I går, eller var det i forgårs, skreiv eg blant anna dette i bipolargruppe på Facebook. Eg hadde først spurt og fått svar på korleis dei opplever blanda episodar for eg lurte på om eg kunne ha noko av det.

Ganske merkeleg fenomen i grunn. Trur at eg også må ha hatt det, sjølv om det ikkje blei diagnostisert som det (var innlagt og legen trudde det var slik eg var til vanleg, og meinte det var emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring). Det kunne veksle iløpet av ein dag,  tankane var depressive og destruktive, men resten av meg hella meir i hypoman retning. Kroppen var hypoman og eg kom med mange ukritiske kommentarar. Trur eg har grensa mot det fleire gonger seinare også, sist depressive episode starta litt slik. Hadde samtidig nokre teikn på hypomani samtidig som eg kjente meg nedstemt og tenkte negativt, det var samtidig eller det skifta så raskt at eg trudde et var samtidig urolig og tiltakslaus på ein gong. 😅. No er eg kanskje også litt i grenseland. Vore litt tung dei siste vekene, tung i kroppen (men den er jo tung også, fysisk)Kontaktar masse folk, vil finne på ting i lag, planlegg mykje, lange turar blant anna, har lyst til mykje, i neste augneblink er det meir enn langt nok å gå fem-ti minutt til butikken og eg håpar eg ikkje møter på nokon kjente så eg må snakke. Gråt i eine augneblinken, ok i neste. Skriv mykje. Føler meg mislykka, klandrar meg sjølv, tenkjer eg ikkje duger. Søker opp og les om remedier eg kan bruke til å gjere det slutt (men det er ingen fare, eg er ingen impulsiv person!!), så heilt fin igjen, ute og planter blomar. Så veit eg ikkje om den sjølvklandringa er på sin plass eller berre depressive tankar eg ikkje skal høyre på. Vil liksom gi opp, slutte ta meg saman, trur eg aldri greier komme skikkeleg i jobb att. Skal leggje meg snart. Sov litt lite i natt.

Eg har sove greit i natt. Dvs ikke særleg effektivt, men nok timar til saman. Vakna med søvnparalyse. Det står som varselteikn i min forrige føregyggingsplan. Eg har ikkje hatt det på veldig lenge no. Trur ikkje eg hadde det i samband med den dårleg perioden min i vinter/vår heller. Håpar det var berre denne gongen, at det ikkje klem ein klase av det, det er ekkelt sjølv om det alltid går over.

Eg har skrive mykje no, brukt mykje tid på det. Når eg skriv forsvinn tida, det kan gå timar nesten utan at eg merkar det.

Men no greier eg ikkje samle meg nok til å skrive dette skikkeleg. 

Altså det er normalt å svinge litt, men dette er meir enn normalt. Men er det fordi eg er sliten? Umogleg å skilje. synest eg

Kva tiltak gjeld viss det kjem att?

Nei, eg er visst hypokonder, har helseangst. Wilhelsmen snakka om at mange spesialiserte seg på sjukdommar å bkymre seg for, f.e. kreft, eg har visst spesialisert meg på sjukdomsperiodar knytt til bipolar lidelse.

Anonymkode: 8c2de...cf5

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Innholdet ditt inneholder uttrykk som vi ikke tillater. Vennligst endre innholdet ditt slik at det ikke lenger inneholder de markerte ordene nedenfor.
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

Laster...
×
×
  • Opprett ny...